Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Influensavaksine

Ein ny influensasesong står for døra. Nær 1 million menneske i Noreg har auka risiko for komplikasjonar av influensasjukdom og blir tilrådd å ta influensavaksine kvart år.

Hemsedal legekontor tilbyr influsensavaksine til pasientar i risikogruppa:

Vi vaksinerar kvar tysdag, onsdag og torsdag frå 9. oktober til 15. november 2018 mellom kl. 13.00 - 15.00

Meld deg i resepsjonen når du kjem. Hugs at du må sitje på legekontoret i 30 minutter etter at vaksina er sett.

Vaksine mot sesonginfluensa blir særleg tilrådd:

  • Alle frå fylte 65 år.
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar.
  • Gravide etter 12 svangerskapsveke (2. og 3. trimester).
  • Barn og vaksne med:

  • diabetes mellitus, type 1 og 2
  • kronisk luftvegssjukdom
  • kronisk hjarte-karsjukdom
  • kronisk leversvikt
  • kronisk nyresvikt
  • kroniske nevrologisk sjukdom eller skade
  • nedsett infeksjonsforsvar
  • svært alvorleg fedme (BMI over 40)

I tillegg anbefales influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelbunden kontakt med levande gris

Pris for vaksina (risikopasientar):

  • Vaksina koster kr. 150,- (Hemsedal legekontor)

For pasientar som ynskjer vaskine som ikkje er i risikogruppene:

Pasientar som ikkje er i risikogruppa kan få satt vaksina på Hemsedal Apotek eller bestille resept på vaksina og få den satt ved Hemsedal legekontor.

Ring legekontoret eller gi beskjed på pasientsky www.hemsedallegekontor.no for å bestille resept. Vaksina må hentast/betalast på apoteket.

Ved setting på Hemsedal Apotek frå 17.09.2018:
Bestill vaksina 1 dag før på www.eVaksine.no
Apoteket vaksinerar alle kvardagar fram til klokka 16.00 og laurdagar fram til klokka 14:00

Når du har fått vaksina må du vente på Hemsedal legekontor eller på Hemsedal Apotek i 30 minutt før du kan dra vidare.