Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Helsestasjon

Helsestasjonen er ein plass der du kan:


•Få støtte, rettleiing og råd i forhold til det å vere foreldre.
•Drøfte spørsmål som har med barnet ditt å gjere.
•Barnet blir vegd og målt for å sjå at det trivest og veks.  
•Alle barn får tilbod om gratis vaksinasjon i samsvar med det norske vaksinasjonsprogrammet.

Vi vil i samarbeid med dykk undersøkje at barnet er friskt og at det utviklar seg som det bør når det gjeld t. d. språk, motorisk utvikling og sosial kontakt. Av og til kan det vere nødvendig at barnet blir henvist til spesialist eller til sjukehus.

Dei første 12 mnd  tilbyr vi kontrollar mest kvar månad. I løpet av dei første vekene etter at barnet og foreldra har kome heim etter fødselen, kjem vi på heimebesøk. Seinare kjem foreldre og barn til individuelle konsultasjonar på helsestasjonen hjå helsesøster og lege.

Foreldre kan ha behov for å ha oftare kontakt enn dei oppsette besøka, ikkje ver redd for å ta kontakt.

Oversikt over kontrollar på helsestasjonen:
Alder Type besøk Tema
1-3 dager etter heimreise Heimebesøk av jordmor  
1 veke etter heimreise Heimebesøk av helsesøster  
4 veker Helsesøster  
6 veker Helsesøster og lege Vaksine 
3 mnd Helsesøster Vaksiner
4 mnd Helsesøster og fysioterapeut  
5 mnd Helsesøster Vaksiner
6 mnd Helsesøster og lege  
7 mnd Helsesøster  
8-9 mnd Helsesøster  
10 mnd Helsesøster  
1 år Helsesøster og lege Vaksiner
15 mnd Helsesøster Vaksiner
18 mnd Helsesøster  
2 år Helsesøster og lege  
4 år Helsesøster  
Skulestart Helsesøster og lege  

Skulehelsetenesta

Marry Viljugrein har ansvar for skulehelsetenesta 5-10. klasse Tlf: 977 00 945

Sigriudur Ingolfsdottir Vedvik har ansvar for skulehelsetenesta 1-4. klasse Tlf: 916 66 830

Målet med skulehelsetenesta •leggje til rette for eit godt samarbeid mellom elevane, heimen og lærarane for å forebyggje, identifisere og behandle sjukdom av psykisk eller fysisk art.

Skulehelsetenesta utfører pålatge oppgåver frå helsemyndighetene, som vaksinering, måling av vekt og høgde, syn- og hørselstest. Ved vaksinering vert det alltid innhenta samtykke frå føresatte i forkant.

Vaksinasjon foregår på 2. trinn, 6. trinn, 7. trinn og 10. trinn. Informasjon/tilbod om vaksiner gis skriftleg før vaksinasjon vert utført.

Vi samarbeider tett med lærarane og veileder/underviser i tema som både lærarane og vi meiner er aktuelle.

Skulehelsetenesta legg stor vekt på å vera eit "lågterskelstilbod" slik at elevane kan koma innom utan å ha avtale og prate med oss om "små og "større" ting som opptek dei.

Eksempel på tema:

  • Pubertet og seksualitet
  • Kjærlighet, kjærlighetssorg, forelskelse, seksuell legning
  • Kosthold og aktivitet, herunder spiseproblematikk
  • Andre bekymringar som elevar kan ha, for eksempel rundt vener/einsemd, problem heime eller på skula, tristhet utan grunn, eller at eleven har opplevd noko ho/han treng å prate om.

Skulehelsetenesta skal hjelpe born og unge med å ta vare på eiga helse. Me kan veileda/vera ein samtalepartner for foreldra.

Helsetenesta er ein del av det tverrfaglege samarbeidet på skula, og har bla. møter med lærarar og psykisk helse ved behov.

 Jordmortenesta

Meir info ang jordmortenesta

Jordmor 

Det er vaktsamarbeid mellom jordmødrene i Hemsedal, Gol, Ål og Hol. Vakthavande jordmor kan nåast på 906 71 090. Jordmor er tilgjengeleg 24t i døgnet. Viss du likevel ikkje får kontakt med jordmorvakta, ta kontakt med legevakt på 116117.

Vaksiner

Info om vaksiner

 

Div. treff, kurs og utlån

Barselgrupper


•Grupper som helsestasjonen er med på å starte, men som foreldra driv vidare sjølve.
•Bli kjent med andre som er i samme situasjon som ein sjølv, og ein kan ta opp tema som gjerne er av interesse for fleire.

 

Tematreff


•Helsestasjonen  inviterer småbarnsforeldre.
•Tema som søvnvanar, babymassasje, førstehjelp og liknande.
•Kanskje ber vi med ein "spesialist", og utvekslar erfaringar etterpå.
•Sosial treffstad.

Utleige av barneutstyr


•Elektriske brystpumper.

Foreldrerettleiingsgrupper (ICDP)


•Helsestasjonen tilbyr foreldre å møtast for å dele erfaringar, drøfte gleder og utfordringar når det gjeld forhold mellom barn og foreldre. 
•Målsettingen er at foreldre kan finne tryggleik og anerkjenning på at dei er gode foreldre ved å bli meir bevisst på kva som er bra for barna.

Godt samliv


•Fokus på parforholdet.
•Småbarnsperioden er slitsam for mange par.
•Betydning for barna korleis foreldra har det saman. 
•Godt samliv hjelper par til å ha større glede av forholdet sitt, finne tilbake til gleda og spenninga frå dei først vart saman.
•Fokus på kommunikajon, problemløysing og forebyggjing av vanskelege situasjonar.

Tverrfagleg samarbeid


•Er det noko ved barnet de eller vi på helsestasjonen lurer på har vi samarbeid med bl. a. PPT, fysioterapeut, barnelege.
•Ved behov har vi også kontakt med psykisk helsevern, familiekontoret, barnevernstenesten eller barnehagen.

Kontakt info:

Marry Viljugrein: Fagansvarlig, barn og ungdom 10-20 år. Helsestasjon for ungdom.

Tlf: 31 40 88 76/ 97 70 09 45, E-post: marry.viljugrein@hemsedal.kommune.no

Ann-Kristin Åsheim: Barn 0-4 år.

Tlf: 31 40 88 75/ 90 24 20 61, E-post: aka@hemsedal.kommune.no

Sigridur Ingolfdottir Vedvik: Barn 5-9 år, flykningehelsetenesten, reisevaksiner.

Tlf: 31 40 89 73/ 91 66 830, E-post: sigridur.vedvik@hemsedal.kommune.no

Jordmor:

Rine Flatland: Fagansvarlig, svangerskapsomsorg, Helsestasjon for ungdom, reisevaksiner

Tlf: 31 40 88 15/ 97 05 88 15, E-post: rine.flatland@hemsedal.kommune.no