Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Friskliv

Besøksadresse:

Imrevegen 30
3560 Hemsedal

Kontaktperson: Tordis Neteland

Telefon: 31 40 88 18 / 970 58 818

Friskliv - Hemsedal

Friskliv Hemsedal har sitt utspring i ei partnertskapsavtale mellom Buskerud Fylkeskommune og Hemsedal kommune.

Prioriterte satsingsområde

1.Fysisk aktivitet
2.Psykisk helse
3.Kosthald
4.Tobakksfri kvardag

Frisklivsresept

•Ein Frisklivsresept er for 3 månader. Eigenandelen er på kr. 360,-

•Eigenandelen inkluderar deltaking på gruppetreningar

•Eigandelen er fastsett av kommunestyret i gebyrregulativet.

•Ein kan oppsøke Friskliv sjølv, eller bli henvist av lege, andre helsetenestar eller av NAV.

 

Frisklivsentralene i Hallingdal

Samarbeider om ulike tiltak som t.d.

•BraMat kurs
•Tobakksfrikurs
•Kompetansehevende kurs i Kols. Prosjekt gjennomført våren 2015, med midlar frå Fylkesmannen i Buskerud
•Gjennomført Diabeteskurs 1. og 2 halvår  i 2014, med midlar frå Fylkesmannen i Buskerud

 

Frisklivsløpet

Frisklivsløpet er eit lågterskeltilbod som Friskliv i Hallingdal har arrangert frå 2013. I 2015 var løpet i Hemsedal. I 2018 vart løpet arrangert i samarbeid med Torpo IL. I 2019 vert Frisklivsløpet arrangert på Gol laurdag 7. september av Frisklivssentralane i Hallingdal. Meir informasjon kjem.

  

Treningsgrupper:

Frisklivsgruppe - eit tverrfagleg tilbod

Tilbodet er for vaksne personar som er brukarar av tverrfaglege kommunale helsetenestar. Fokus på individuell oppfølgning og fysisk aktivitet i ei mindre gruppe i ein 3 månaders periode.

Målet er ein meir aktiv og sunn livsstil, og at du i auka grad meistrer å ta vare på eigen helse. Ei individuell vurdering om deltaking føretas basert på eigen motivasjon, evne til deltaking i ei gruppe, samt andre omsyn.

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kva tilbodet går ut på.

 

Seniordans

Gla`dans - ringdans - linedance = Seniordans

Sosialt, god form for rørsle båe for kropp og hovud. Møt opp og sjå om dette kan vere noko for deg!

Frå hausten 2019 vert Seniordansen på Frivilligsentralen.

Fyrste gong blir onsdag 11. september kl. 12.00 - 14.30.

Har du spørsmål ta kontakt med:

Hemsedal Seniordans v/Astrid Løvehaug på telefon: 906 52 745.

Velkomen til Seniordans!

 

Kurs i regi av Friskliv

Livsstyrketrening

Hallinghelse og Frisklivssentralen i Hemsedal samarbeidar om å halde eit interkommunalt kurs innan læring og mestring ved bruk av kursprogrammet Livsstyrketrening.

Friskliv i Hemsedal har gjennomført to kurs med kursprogrammet Livsstyrketrening ift forebygging av sjukegravær i Hemsedal kommune. Hallinghelse har gjennomført tre interkommunale kurs kalla Mestringstreff (utarbeida av NK LMH) frå hausten 2018, for innbyggjarar med langvarige helseutfordringar.

Mestringstreff byggjer blant anna på programmet frå Livsstyrketrening.

Målgruppa er den same for det komande kurset som tidlegare gjennomførte Mestringstreff, innbyggjarar i Hallingdal over 18 år som lev med langvarige/kroniske helseutfordringar.

Oppstart av kurset er tysdag 27. august kl 11.30-14.30.

Kurset går over 8 samlingar på Gol Frivilligsentral.

Kurset er gratis!

Brosjyre om interkommunalt kurs Gol høsten 2019

Plakat Livsstyrketrening Haust 2019

Sjå: www.livsstyrketrening.no for meir informasjon.

 

Søvnkurset - "Sov godt"

Ønskjer du å forbetre søvnkvaliteten din utan bruk av medikamenta? Forsking visar at kurs som byggjer på kognitiv atferdsterapi gir utbytte båe på kort og lang sikt.

Søvnkurset er utvikla av Helsedirektoratet. Målgruppa er personar som slit med søvnlausheit og lettare grad av søvnvanskar.

Kurset gir opplæring i gode søvnvanar samt teknikkar som byggjer på kognitiv atferdsterapi. Mellom kurssamlingane er det heimeoppgåver.

Kurset er ope for alle. Pris kr. 200,- som omfattar kursmateriale. Betaling via Vipps eller med bankkort.

Praktisk informasjon:

Kurslokale er i kjellaren på Bygdaheimen

Kurset går over 4 samlingar

Oppstart onsdag 4.9.2019 kl. 14.00 – 16.00.

Dei andre kurssamlingane er onsdag 11.9, 18.9 og 25.9 til same tid.

 

Om du har spørsmål eller ønskjer å melde deg på, kontakt kursleiar:

Frisklivskoordinator Tordis Neteland

Mobil: 970 58 818

E-post: friskliv@hemsedal.kommune.no

 

Bra mat for bedre helse

Kurset byggjer på prinsipper for Motiverende intervju og kan vere ein god start for å få til ein varig forbetring av kosthaldet. Kurskonseptet vektlegg kosthaldsendring over tid under mottoet "små skritt, store forbetringar" og byggjer på dei nasjonale kostråda. Kurset er utvikla av Helsedirektoratet.

Det er tilbod om kurs i regi av Friskliv i Hallingdal med jame mellomrom.  

 

Tobakksfrikurs

Dette eit kurs for deg som ønskjer å slutte med å røyke eller snuse. Støtte i ei gruppe og strukturell veiledning vektleggast som viktige moment for å lykkast.

Det har vore gjennomført Tobakksfri kurs i Hemsedal seinast vinteren 2019 i regi av Frisklivsentralen i Hemsedal.

Kvar kursdag er lagt opp med faktainformasjon, refleksjon og praktiske oppgåver.

Dei tre fyrste kursdagane førebur kursdeltakarane seg på å slutte å røyke/snuse. Dei tre siste kursdagane er fokuset å oppretthalde røyk/snus-fridomen og motivasjonen. Kurset er utvikla av Helsedirektoratet.

Har du spørsmål eller ønskjer å vere med på kurs ta kontakt med Tordis Neteland på tlf. 970 58 818 eller send ein mail til: tordis.neteland@hemsedal.kommune.no

Hjelp til snus- og røykeslutt

Mange ønskjer hjelp til å slutta å røyke eller snuse. Du kan få råd på telefon og chat, bruke app og nettsider eller få tips av andre som har klart det. Få  meir informasjon på:

www.slutta.no

 

Kurs i regi av Hallingdal sjukestugu

Hjarteskulen

Løpande oppstart kvart semester. Ønskjer du å vere med ta kontakt med lege for henvisning.

Hjarteskulen er eit tilbod til deg som nyleg har vore innlagt med hjartesjukdom. Du blir med i ei treningsgruppe og får blant anna informasjon om: trening og fysisk aktivitet, ernæring og kosthald, behandlingsprinsipp og medisin, hjartesjukdom, følelsesmessige reaksjonar, livsstilsendring

Brosjyre Hjarteskulen 

 

LÆRINGS- OG MESTRINGSSENTERET HALLINGDAL SJUKESTUGU

Pasient - pårørende kurs

Det er tilbod om diagnose spesifikke kurs. Kursa går over to dagar og er for pasientar og pårørande.

For meir informasjon om kursa sjå: https://vestreviken.no/arrangementer

Kurs om Hjartesjukdomar: 24. og 25 september 2019, kl. 9.15-15.30.

Kurs om Diabetes type 2: 6. og 7. november 2019, kl. 8.30 - 15.30.