Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Du er ein del av norges beredskap

DSB har i samarbeid med Oslo kommune utvikla kampanjen "Du er ein del av Norges beredskap" for å styrka bevisstheita og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga.

viser ulike objekt brukt til egenberedskap

 

Dette blir gjort gjennom konkrete råd om kva folk kan gjera for å forberede seg best mogleg viss noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjonar.

Me lev i eit trygt og stabilt samfunn der me er vane til at det meste fungerer som det skal. Livet i Norge er imidlertid heilt avhengig av blant anna straum, vatn og internett - og nettopp det er vår største sårbarheit.
Når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise, må hjelpa fyrst ut til dei som treng det aller mest. Jo fleire av oss som er i stand til å ta vare på oss sjølv og hjelpe dei rundt oss ved ein hending, jo betre rusta står me som samfunn. 

DSBs befolkningsundersøkelse viser at innbyggjarane i Norge er lite forberedt på ein krise der mange mister støm eller vatn, eller der det blir vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Derfor jobbbar DSB for å styrke bevisstheita og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga.

Saman bidrar me til å styrke befolkninga, og dermed landet sin uthaldenheit og motstandskraft!

Du kan lese meir om kampanjen på DSB sine heimesider.

Konkrete råd for god eigenberedskap kan du lese om på sikkerhverdag.no