Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

17. mai og nasjonale og lokale anbefalingar om arrangement som møter og kurs m.m.

17. mai og nasjonale og lokale anbefalingar om arrangement som møter og kurs m.m.:

Nasjonaldagsfeiringen 17. mai 2021 - artikkel frå regjeringen.no

-Kommuneoverlegeforum i Hallingdal tilrår fortsatt at alle arrangement som kan haldast digitalt skal haldast digitalt.

-Arrangement som må haldast fysisk og ikkje kan utsetjast må følgje gjeldande reglar og råd for arrangement når det gjeld antalsbegrensing og smittevernstiltak. https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/anbefalinger-ved--store-arrangementer-knyttet-til-koronasmitte-i-norge/?term=&h=1

-Arrangement som samlar folk frå fleire kommunar er frårådd. 

-Me går ikkje inn og vurderer nødvendigheita av kvart enkelt arrangement i forhold til fysisk gjennomføring, det må kvar enkelt arrangør grundig vurdere.

-Me ber dykk spesielt vere merksame på konsekvensen av smitte på eit arrangement. I praksis er det vanskeleg å unngå at alle deltakarar blir sett i karantene, og husstandsmedlemmer i ventekarantene, dersom ein smitta person har deltatt.

-Det skal haldast 1 meter avstand, helst 2 meter.

-Mingling i pausar er eit spesielt risikopunkt for smitte.

-Det er ikkje forbud mot å servere mat, men dette må skje på ein smittemessig trygg måte og ikkje føre til yttarlegare nær kontakt.

-Møter/ kurs m.m. som ledd i ordinært arbeid kjem ikkje inn under reglane for arrangement, men også her bør ein vurdere grundig behovet for gjennomføring av fysiske samlingar. Kommunen bør også vurdere signaleffekten for sine aktivitetar.

Utviklinga i smittesituasjonen har betra seg med strenge tiltak. I vår kommune er me heldigvis ute av dei strengaste tiltaka og i hovudsak tilbake på dei tiltaka som var før innstrammingar kom like før påske. Men me er på ingen måte fri for risiko lokalt eller regionalt heller, og det skal lite til for å snu situasjonen. Difor bør me alltid ha i bakhovudet kva for smittevernmessige konsekvensar aktivitetane våre kan få.

Eksempel på ulike typar arrangement og dagens antalsbegrensingar frå FHI:

Private sammenkomster på offentlig sted eller i leide eller lånte lokaler Innendørs: Inntil 10 personer. Utendørs: Inntil 20 personer. Eks: Bursdagsfeiring, bryllup, dåp minnestund, firmafest ol. Barn i samme kohort i barnehage eller barneskole kan møtes med et nødvendig antall voksne personer som tilretteleggere.

Arrangementer innendørs uten faste, tilviste plasser Inntil 10 personer. Inntil 50 personer på innendørs idrettsarrangement for utøvere under 20 år som tilhører idrettslag i samme kommune.

Eks: Foreldremøter på skolen, medlemsmøter, kurs, lokal konsert/forestilling, idrettsarrangement, konferanse, innendørs markeder og messer.

Arrangementer innendørs med faste, tilviste plasser Inntil 100 personer

Eks: Kino, opera, konsert, teater, kirke, moske, idrettsarrangementer, foredrag ol.

Merknad til arrangement med faste, tilviste plassar:  Typisk arrangement der publikum deltar som tilskuarar, sjå eksempel over. Publikum skal sitte på faste, tilviste plassar under heile arrangementet medminst 1 meter avstand. Unngå ansikt-til-ansikt kontakt. Det bør vere kontroll på kor folk sit. Ved smittesporing er det essensielt viktig å vite kven som har sitte kor under eit arrangement. Skal ikkje kunne flytte på stoler. Arrangør må passe på dette, evt ha vakter som passar på at reglar blir halde.