Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

GMLKommunale avgifter (vatn, avløp, renovasjon, feiing)

Informasjon om fakturagrunnlaget for kommunale eigedomsavgifter


Les om Privat vatn og avløp (utslepp, slamtømming m.m.) her

 

Faktura 2020

Kommunale eigedomsavgifter vert berekna utifrå sjølvkostprinsipp. Det vil på en enkel måte seie at kommunen skal fakturere abonnentane for dei utgiftene kommunen har på vatn, avløp, renovasjon m.m. 

Årsoppgjer vassmålar

Alle abonnentar som er kopla på offentleg vatn- og kloakknett betalar eit fastledd. Vatn- og kloakkavgiftene vert fakturert to gongar i året; ½ avgifta på termin 2 og resten på termin 4.

Rekninga er delt på to terminar

1. termin gjeld for perioden 1.1. - 30.6. med forfall 20. april

2. termin gjeld for perioden 1.7. -31.12. med forfall 20. oktober

Unntak er vassmålarleige og avrekning av vassforbruk 2019 som berre kjem på fyrste halvår. Kundar utan vassmålar vert fakturert etter BRA areal (bruksareal) på bygget. Kundar med vassmålar vert fakturert etter reelt forbruk, sjå forklaringar knytt til fakturalinjene under:

Avlest vatn/kloakk.

Dette er ein avrekning av vatnet og kloakken du har brukt i 2019. Kommunen har lagt innsendt vassmålaravlesing til grunn for avrekninga. Om du ikkje har sendt inn vassmålarkort har kommunen stipulert eit antatt forbruk.

Forskot vatn/kloakk.

Kommunen fakturerer eit forskot på vatn og kloakk for å fordele avgifta på to terminar (vår og haust) og ikkje berre ei stor avrekning ein gong i året.

Frådrag innbet.vatn/kloakk.

Her får du tilbake det forskotet du har betalt året før.Om du hadde eit høgt vassforbruk i 2018 så vart forskotet satt tilsvarande høgt i 2019. Det får kunden då attende til frådrag på fakturaen 1. halvår 2020. Nytt forskot for 2020 vert basert på avlesing av vassforbruket i 2019.

Hytterenovasjon og slamavgift vert fakturert både 1. og 2. halvår.

Slam

•Hemsedal kommune innførte tvungen tømming av slamtankar i 2006.

Stoklands er entreprenøren som utfører tøminga (av slam og kloakk) f.o.m. 1. mars 2018. Stokland Bilruter er hovedentreprenør og har engasjert Telemark Godslinjer AS til å utføre all tømming med slamsugebil.

•Fakturering av slamtøming skjer ved årleg avgift kvar vår- og hausttermin.

•Alle tette tankar skal tømast kvart år (bustad- og fritidshus).

•Fritidshus med slamavskiljar; kvart 4.år (2018, 2022, 2026 osb).

•Bustadhus med slamavskiljar; kvart 2. år (2018, 2020, 2022 osb.)

•Treng ein tøming oftare, må dette avtalast direkte med Stoklands Bilruter. 

Ta kontakt her: Stoklands, tlf. 993 70 201

Du vil bli motta ein eigen faktura på denne tømminga frå kommunen.

Dersom det verkeleg hastar med å få slamtanken tømt kan ein nytte dette vakttelefonnummeret: 959 84 903.
I mange tilfelle er det ikkje tanken som er full, men hindringar i røyra som tettar tilkomsten til tanken.
Dette er huseigar sitt ansvar. I så fall må du sørge for at røyra er fri for framandlegement.
Ta kontakt med røyrleggjar dersom du ikkje kan gjera dette arbeidet sjølv.

Ekstratømming:

Type Pris m/mva
Oppmøte 1 927
Pris pr m3    550

Nødtømming:

Type Pris m/mva
Oppmøte 4 198
Pris pr m3    550

Ikkje utført ekstra - nødtømming:

Type Pris u/mva
Ikkje utført   645

Oversikt over slamgebyr:

Gebyrregulativ for slamgebyr i Hemsedal gjeldene frå 01.01.2020.

Type Pris m/mva
Årleg fast gebyr for alle anlegg    309
Pr.m3 for slamavskillere/tette tanker/store anlegg o.l     580
Fastgebyr for minirenseanlegg    796
Pr. m3 for minirenseanlegg     386
Fastgebyr for store anlegg 1 458
Rensegebyr ved tette tanker/ekstra- og nødtømminger - pris pr. m3     258
Traktor-/spesialbiltømming/liten bil    729

 Fakturaforklaring

 

Vatn og avløp

•Hemsedal kommune har innført eit to-delt gebyr, eit fastledd og eit mengdeavhengig ledd etter målt forbruk.

•Gebyrsatsar er vedteken av Hemsedal kommunestyre i behandlinga av årsbudsjett.

•Ein abonnent har til ein kvar tid høve til å installere vassmålar om ein ynskjer fakturering etter reelt vassforbruk.

•Det skal installerast vassmålar i alle nye bygg tilknytta det kommunale nettet. Ta kontakt med autorisert røyrleggjar for installasjon.

Forskrift for vass- og avløpsgebyr i Hemsedal kommune 

Oversikt over tilknytingsgebyr vatn og avløp

Tilknytingsgebyr er et eingongsgebyr som skal betalast for tilknyting til kommunalt vatn- og/eller avløpsanlegg

Gebyret skal betalast ved tilknyting av:
a) Ny tilknyting av eigedom
b) Tilknyting av eksisterande bygg, eller bygg som kommunen krev tilknytt.
c) Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent.


For bustadeigedom skal eingongsgebyret for tilknyting utgjere eit fast beløp per bueining.
For nærings- og fritidseigedom skal eingongsgebyret for tilknyting utgjere eit fast beløp per brukseining som er tilknytt.
For kombinasjonseigedom skal det betalast for kvar del etter reglane over.

  • Tilknytingsgebyret skal være betalt før tilknyting.

 

 Tilknytningsgebyr: Vatn: Avløp:
Sats pr bueining/brukseining  15 000 15 000

 

Gebyr for avstenging og påsetting av vassforsyninga:
Dersom kommunen føretek avstenging eller påsetting: kr 2.000,- per gong per eigedom.

Oversikt årsgebyr vatn og avløp

Årsgebyr for vassforsyning og avløpshandtering er todelt:

Abonnementsgebyr:

Eit fast årleg gebyr for kommunens vass- og avløpstenester. Inntektene frå gebyret skal fortrinnsvis dekkje tenestenes kapitalkostnader og indirekte administrasjonskostnadar. I 2020 forventast dette å utgjer 40 % for vann og 46 % for avløp.

Abonnementsgebyr er eit fast beløp som betalast av alle eigedommar og bereknas pr eigedom eller pr bueining.

Forbruksgebyr:

Blir fastsett anten etter faktisk vassforbruk eller stipulert etter størrelsen på eigedomen(BRA). Stipulert forbruk reknast ut ifrå bruksareal multiplisert med ein faktor på 1,2 m3/m2.

For fritidsbustad er faktoren 0,6 m3/m2.

Bruksareal reknast etter NS-3940

 

 1. Abonnentsgebyr bustad og fritid (fast del)

  Vatn - m/mva  Avløp - m/mva
Bustad    704,00

1 541,00

Fritid 1 408,00

3 083,00

2. Abonnentsgebyr næring (fast del)

Abonnensgebyret for nærings- og kombinasjonseigedomar trappast opp etter vassforbruk i m3 og framkjem av tabellen under.

VATN

Abonnementsgebyr vatn for nærings- og kombinasjonseigedomar:

Forbruksklasse (m3) Pris m/mva
0 - 300     704,00
301 - 1000  2 112,00
1001 - 3000  4 224,00
3001 - 6000   8 448,00
6001 - 20.000 16 896,00
20.001 - 50.000 35 200,00
50.001 - 150.000 70 400,00

AVLØP

Forbruksklasse (m3) Pris m/mva
0 - 300    1 541,00
301 - 1000    4 623,00
1001 - 3000    9 246,00
3001 - 6000  18 492,00
6001 - 20.000   36 984,00
20.001 - 50 000  77 050,00
50.001 - 150.000 154 100,00

3. Forbruksgebyr

Målt forbruk

Vatn - pris m/mva Avløp - pris m/mva 
13,43 pr m3  25,85 pr m3

STIPULERT FORBRUK (EIGEDOMMAR UTAN VASSMÅLAR)

For bustad- og fritidseigedommar med stipulert vassforbruk fastsettes årsavgift etter stipulert vassforbruk basert på bebyggelsens samla areal på eigedommen.

 

Dømer på gebyrutrekning:

Målt forbruk - Bustadeigedom (120 m3):
Vatn: 704 kr + (120 m3 x 13,43 kr/m3) + 200 kr = 2.516 kr
Avløp: 1.408 kr + (120 m3 x 25,85 kr/m3) = 4.643 kr


Målt forbruk - Fritidsbustad (120 m3):
Vatn: 1408 kr + (120 m3 x 13,43 kr/m3) + 200 kr = 3.220 kr
Avløp: 3.083 kr + (120 m3 x 25,85 kr/m3) = kr 6.185


Målt forbruk - Nærings- og kombinasjonseigedom (4.500 m3):
Vatn: (704 kr x 12) + (4.500 m3 x 13,43 kr/m3) + 200 kr = 69.083 kr
Avløp: (1.408 kr x 12) + (4.500 m3 x 25,85 kr/m3) = 133.221 kr


Stipulert forbruk - Bustadeigedom (120 m2 BRA = 144 m3):
Vatn: 704 kr + (120 m2 x 1,2 m3/m2 x 13,43 kr/m3) = 2.638 kr
Avløp: 1.408 kr + (120 m2 x 1,2 m3/m2 x 25,85 kr/m3) = 5.130 kr

 

4. Vassmålarleige

For eigedommar med vassmålar betalast målarleige på kr 250 pr år.

5. Ubebygd eigedom

For ubebygd eigedom skal det kun betalast abonnentsgebyr i samsvar med kva som er godkjend på eigedommen.

6. Avlesing av vassmålar

Abonnenten skal lese av vassmålaren så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.

Unnlet abonnenten å lese av målaren, kan kommunen fastsette årsgebyret skjønnsmessig etter purring. Kommunen kan sjølv lese av målar utan ytterligare varsel til abonnenten. Der kommunen leser av målaren vert det krevd eit gebyr på kr. 1000.  

7. Administrasjonsgebyr

Der kommunen ikkje mottek vassmålarkort/vassmålaravlesing trass to ordinære purringar, tek kommunen eit administrasjonsgebyr på kr 300.

Renovasjon

•Alle sjølvstendige brukseiningar skal ha eiga renovasjonsordning, og verte fakturert for dette.

•Alle hytter/stølsbuer, tomannsbustader, bustader med leilegheit og einingar med enkel standard m.m. skal ha eiga avgift for renovasjon jf.

Forskrift om avfallsbehandling

Vil du levere til avfallsmottak - Hallingdal Renovasjon

Oversikt over renovasjonsgebyr
Type Pris m/mva
Renovasjon dunk 3 268
Renovasjon dunk, stor 4 901
Renovasjon container 2 506
Renovasjon hytte/støl 1 863
Utvida henteavstand    334

Hushaldningar med stativrenovasjon som komposterar organisk avfall kan få 20% reduksjon av gebyret.

Føresetnaden er at dei kan dokumetere at dei har gjennomført komposteringskurs som på førehand er godkjent av kommunen.

Håndbok for heimekompostering

Lurer du på kva som skal kvar når ein skal sortere?

Finn svaret på:

Sortere.no

Brann og feiing

•Gebyr for feiing/tilsyn av fyringsanlegg kjem med på faktura for 2. halvår.

•Spørsmål knytt til feiing/tilsyn skal rettast til Hallingdal brann- og redningsteneste IKS på post@hallingdal-brannvesen.no

Er du bekymra for din eller andres brannsikkerhet? Har du oppdaga eit brannfarleg forhold og ønsker å melde frå? Uansett kven eller kva din bekymring gjeld, ønsker brannvesenet å høyre frå deg. Saman kan vi unngå at branner oppstår og potensielt redde liv.

Branntips.no

 Oversikt over feiegebyr
 Type Pris m/mva
Branntilsyn pr. bustad 1 525,00
Feiesats pr. pipe    562,50 
Pipe nr 2 på same bygg    281,25 
Timesats for anna arbeid    833,75
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 1. gongs varsel - bustad    395,00
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 2. gongs varsel - bustad 1 525,00
Branntilsyn - tilsyn fritidsbustad 1 750,00
Feiing fritidsbustad - pipe 1    812,50
Feiing fritidsbustad - pipe 2 på same bygg    406,25
Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 1. gongs varsel - fritid

   395,00

Gebyr for manglande melding før avtaletidspunkt tilsyn ved 2. gongs varsel - fritid

1 750,00

 

 

Forskrift om brannførebygging gjeldande frå 01.01.2016

Forskrifta  om brannførebygging stiller krav om fleire brannvarslarar  i huset ditt enn før. I tillegg kan det hende pipa di skal feiast  oftare enn du trur.

Forskrifta som tredde i kraft 1. januar krev  at du har minst ein  røykvarslar i kvar etasje.

Tall på røykvarslerar  du må ha etter den  nye forskrifta  vert avgjort  av inndelinga av bustaden  i soner, etasjar, tekniske rom og kor mange soverom.

Har du fleire etasjar, skal du no ha ein varslar per etasje. Med opphaldsrom i ein del av huset, våtrom i ein annan del, kan det vere at du må ha enda  fleire varslerar for å tilfredsstilla  krava i den nye forskrifta om brannførebygging.

Sidan det er krav til at alarmen skal kunne høyrast tydelig på opphaldsrom og soverom når alle dørar er stengt, kan det være behov for både fire og fem brannvarslerar i bustaden.

No skal også hytta feiast regelmessig

Den største forskjellen er at den nye forskrifta for brannførebyggande arbeid også gjeld fritidsbustader. Det betyr at alle hytter skal feiast på lik line med hus.

Det er heller ikkje slik at pipene må feiast minst kvart fjerde år. No kan feiarvesenet bestemme at pipa di treng feiing både oftare eller sjeldnare enn før.

Behovet i enkelte bustader vil væra mindre, på grunn av bruk av varmepumper og andre varmekjelder. I andre bustadområder er husa eldre, pipeløp dårligare og behovet for hyppigare feiing er til stades.

Kostnadene for eigarane av hus eller fritidsbustader vil variera etter kor ofte brannvesenet meiner pipa di skal feiast.

 

Feiing og tilsyn på hytta

I 2016 kom ein forskrift om brannforebygging, med vesentlege endringar frå den tidlegare gjeldande forskrifta. Blant anna skal både fritidsboligar og næringsbygg med fyringsanlegg no ha feiing og tilsyn.

Vi treng hjelp av deg som er hytteeigar:
I våre kommunar er det fleire fritidsboligar enn boligar, vi må derfor så snart som mulig få kartlagt omfanget. Alle hytteeigarar vil få eit skriv der dei må svara på ulike opplysningar om fyringsanlegget og bruken av dette. På bakgrunn av denne kartlegginga vil vi organisere feie- og tilsynstjenesten i fritidsboligar framover. Vi starta arbeidet i 2018, men det kjem sannsynlegvis til å ta fleire år før vi klarar å gå tilsyn/feie på alle hyttene. Vi har lagt ut spørreskjemaet her, sjå lenke De kan altså svara her elektronisk, ellers vil spørreskjemaet ligge ved i brevet som alle vil motta, de kan difor også svara i brevs form om de heller foretrekk det. Vi ønsker at de fyller ut spørreskjemaet så snart som mogleg.

Innsendingsskjema ang fritidsboligar

Stige/trinn på tak:
Me vil også gjera oppmerksom på at forskriftene krev at feiaren skal ha sikker tilkomst på taket for å utføre jobben forsvarleg. Me oppfordrar difor eigarane av fritidsboligane til å montere stige eller trinn på taket. Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan han gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is, ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året. På grunn av den nye forskrifta er det mange firma som tilbyr salg og montering av takstige/taktrinn. Er du usikker på krava til sikker tilkomst på taket for feiaren, eller du har andre spørsmål så ta kontakt med oss.

Fyring med gass:
Gasspeiser og sentralfyr er også å rekne som fyringsanlegg, og er derfor med i tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt til ein koketopp eller liknande på kjøkkenet. 
Det blir kun tilsyn i hytter gassfyring, ikkje feiing.

 

 

Gebyr

Sidan me tidlegare skulle gå tilsyn kvart 4. år, vart branntilsynsgebyret delt på fire og fakturert med ¼ -del kvart år. Når det no blir ulik frekvens på branntilsyn i bustader og fritidsbustader, vil me frå i år fakturera for heile gebyret på ein gong.  Gebyret blir fakturert etter at tilsyn er gjennomført. Sidan heile gebyret frå no blir fakturert på ein gong kan det opplevast som det har vorte ei auking i gebyret, det er ikkje tilfelle.

I overgangen frå gammal til ny ordning vil det være ein del som har betalt dei siste åra utan å få tilsyn. Dei dette gjeld vil få fråtrekk på det nye gebyret ut frå kor mykje du har betalt tidlegare, og når du fekk tilsyn sist.

Når det gjeld feiing blir det ingen endring på korleis gebyret fakturerast. Det vil bli fakturert etter at du har fått feiing slik som før. For dei som brukar fyringsanlegget sjeldan kan det bli endra frekvens, og dei vil oppleve at det vert ei billegare løysing.

Dei som ynskjer oftare feiing enn det som feiaren forslår, gir beskjed om det så får dei feiing oftare.

Feiaren kjem

Det blir sendt ut varsel om feiing og/eller tilsyn nokon dagar før feiaren kjem. Dersom tidspunktet ikkje passer, kan du avtale nytt tidspunkt. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, feielapp utfylt og hengt ut, manglande sikring eller på anna måte gitt klar beskjed om at det kan feiast), vil feiing ikkje bli utført, du vil likevel bli belasta med gebyr for oppmøte.

 


Kontaktinfo ang. feiing og tilsyn i bustader og fritidsbustader:

Hallingdal brann- og redningsteneste iks
Torpomoen 27, 3579 Torpo

Tlf.: 966 25 425

Mail: feieavdeling@hallingdal-brannvesen.no

 

Diverse skjema

Klage på kommunale eigedomsavgifter
(blankett)

Søknad om reduksjon-/fritak for kommunale eigedomsavgifter
(blankett)

Søknad om sanitærabonnement
(blankett)

Søknad om næringsrenovasjon for gardsbruk med utleigehytter
(blankett)

 

Kontakt oss

Generelle spørsmål rundt grunnlag for fakturering av; slam, vatn/avløp, renovasjon

•sender du på e-post til teknisk@hemsedal.kommune.no

 

Klage/fritak

Retningsliner for fritak for gebyrplikt i samband med renovasjonsgebyr

Heimel om fritak ligg i §4 andre ledd i forskrifta jf. forurensningslova § 30.

•Søknad om dispensasjon skal vere skriftleg dokumentert.

•Kommunen kan kreve fotodokumentasjon der den finn det teneleg.

•Dispensasjon kan berre bli gjeve for særskilte eiendomar.

Vedtak fattet etter desse bestemmelsane er å sjå på som enkeltvedtak og kan påklages ihht. klagereglane i forvaltningslova.

Felles retningsliner for fritak frå renovasjon i Hallingdal og Krødsherad vart vedteke i Hovudutval for Plan og Ressurs 29.08.2013 - Sak 53/13

Felles retningsliner

Skjema for klage/fritak

•Du kan òg hente skjema i Tenestetorget.

•Me oppmodar alle til å nytte fastsette skjema.

 

Adresseendringar

•Skal samsvare med dei opplysningane som står i Folkeregisteret.

•Me tillet ikkje andre adressatar enn eigar (heimelshavar) av eigdomen, då denne er ansvarleg for betaling av kommunale eigedomsavgifter.

•Unntak; dødsbo ved forelagt uskifteattest og i dei tilfelle det er offentleg oppnevnt verge.

 

Eigarskifte

•Eigarskifte vert sendt til kommunen fleire gonger i året frå Statens Kartverk, og vert oppdatert jamnleg i våre registre. Det er derfor ikkje naudsynt å melde frå om dette.

•Me vil gjera merksam på at skal desse oppføringane endrast, så skal det tinglysast.