Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Hjelp oss å bli betre!

Følger vi med i kvardagen? Er me gode nok på digitale plattformar? Får du svar på spørsmåla dine? Dette er spørsmål me håpar å avklare i løpet av oktober månad. Me håpar du har lyst til å svara på vår brukerundersøkelse.

I oktober har me ei brukarundersøking, ei i kvar Halling-kommune, med ulike spørsmål som går på blant anna bruken av servicetorga, kunnskapen, service og vidare litt om dei andre avdelingane/etatane. 

Brukerundersøkinga

Undersøkinga er elektronisk, og vil liggja tilgjengeleg på kommunens si heimeside og facebookside. Me vil spørja alle som ringer om me kan få sende mail til dei med lenke til undersøkinga, og dei som kjem innom kan få svare på pc mens ein er på kommunehuset, eller på papir.

 

Sidan spørsmåla er like i alle kommunane, har me ein muligheit til å samanlikne, og samtidig dra nytte av kvarandre, men undersøkinga er først og fremst for eigen del og ikkje ein konkurranse mellom servicetorga.

 

Utfrå undersøkinga håpar me å kunne finna konkrete utviklingsområde for å yte betre kundeservice.

 

I kvar kommune vil ein person verta premiert for deltakinga si. Premien er eit gavekort på Hallingbillett på kr. 500 NOK.