Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vil du vera meddommar?

Hemsedal kommune skal i løpet av våren 2020 velje meddommar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten. Er du sjølv interessert, eller har framlegg til kandidatar? Send inn framlegget ditt innan 15. februar 2020.

Vil du vere meddommar eller har du framlegg til kandidatar?

Hemsedal kommune skal i løpet av våren 2020 velje meddommar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten. Vi skal og fremje skjønsmedlemmer som blir valde av Fylkestinget. Utvalet av meddommarar skal ha ei allsidig samansetning for å representere alle delar av folket. Ålmenta vert oppmoda om å fremje kandidatar til valet. Er du sjølv interessert, eller har framlegg til kandidatar? Send inn framlegget ditt innan 15. februar 2020. 

Meddommarar er lekfolk som er med på å avgjere skyldspørsmål og dømme saman med juridiske fagdommarar i straffesaker/jurysaker.

Skjønnsmedlemmer er eit utval av lekfolk som er spesielt kyndige på eitt eller fleire område som vanlegvis vedkjem skjønn etter skjønnslova. Dette gjeld særleg kompetanse innan mekanisk, jord- og skogbruk og bygg- og anlegg. Personar som vert valde, veljast anten til lagmannsretten eller tingretten. Personar som veljast til lagmannsretten eller tingretten, kan samstundes veljast som jordskiftemeddommarar og skjønnsmedlemmer.

Domstolane stiller visse krav til kven som kan veljast:

  • Du må vere fylt 21 år og vere under 70 år den 1.januar 2021.
  • Du må ha røysterett, og vere norsk eller nordisk statsborgar eller ha vore innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra.
  • Du må snakke og forstå godt norsk
  • Du må vere ein alminneleg, heiderleg samfunnsborgar som er godt skikka til vervet, og du kan vere frå alle samfunnslag og aldersgrupper.
  • Du må kunne nytt vanlege digitale verktøy.

 

Interessert? Fyll ut skjema

 

Her kan du sjå ein film om det å vere meddommar:

 https://www.domstol.no/meddommere/laremidlerressurser/filmer/

For meir informasjon, klikk deg inn på www.meddommer.no

 

Vil du vere meddommar, eller har framlegg til kandidatar, send ein e-post til postmottak@hemsedal.kommune.no, eller kontakt Vanja L. Norman på telefon 31 44 88 31 innan 15.februar 2020.