Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Trivselstiltak på Bruøyne

Hemsedal kommune spør om interesse for gjennomføring av trivselstiltak på Bruøyne

Hemsedal kommune spør om interesse for gjennomføring av trivselstiltak på Bruøyne  

Nordspissen av Bruøyne (markert på kartet under) er eit statleg sikra friluftsområde som Hemsedal kommune har ansvaret for.

Me ynskjer å legge til rette for at den delen av øya kan verte til glede for fleire, både fastbuande og turistar. Det skal på plass flomfaste/nedstøpte benker/bord/bålpass og ein gapahuk med samla øvre kostnadsramme 195 000 kr eks mva. Bygging av dette skal  gjennomførast i løpet av sommer 2025.  

Kommunen ynskjer no å lufte interessa for å vere med i anbudskonkurranse med mål om å få til desse trivselstiltaka. Send inn di interesse for vidare deltaking og befaring innan tysdag 22.april til postmottak@hemsedal.kommune.no  

Spørsmål kan stilast til miljøvernrådgjevar Jørn  Magne Forland; jorn.magne.forland@hemsedal.kommune.no

Kart bruøyne 2025.png

Bruøyne og elva Hemsil.png

Sist endret: 11.04.2025