Gratulerer til Tori Snerte som fekk tildelt Trygve Hoffs Minnepris 2015.
Laurdag 28 november i Geilo Kulturkyrkje
Ho gjev gode konsertopplevingar og samhandlar med andre som gjer at hemsedøler og andre i alle aldrar strekk seg eit hakk lenger enn ein trudde var mogleg.
Trygve Hoffs minnepris skal gjevast til ein person eller ei gruppe personar som driv med kulturarbeid i Trygve Hoffs ånd.
Trygve Hoff var kjent for sin allsidige kulturinnsats, men hans overordna aktivitet var hans klåre haldning til samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. Integrering mellom ulike uttrykksformer og at tiltaka skulle ha størst mogleg spredningeffekt og gje ringverknader i lokalmiljøet.
Tori har skapt ringverknader i lokalmiljøet med sitt engasjement. Me nemner Musikk og Kulturskulen (barnekor og Aladdin), dialektleir, engasjement i høve til vennskapskommunesamarbeid med Estland, fakkeltog for vennskap, ungdommens kulturmønstring. Hemsedalskoret som har samarbeid med Hanne Krogh, Skruk med dirigent Per Ivar Hildre, Svein Erik Sagbråten frå Den Norske Opera og no sist med Stein Torleif Bjella.
Gratulerer