Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gratulerer til Tore Tyribakken - årets eldsjel i Viken

— og ein av kandidatane til å bli årets eldsjel på Idrettsgallaen.

årets eldsjel tore

Den populære og oppofrande idrettsleiaren har vore med i frivillig idrettsarbeid i snart 50 år.
Tore Tyribakken har brukt all fritid på idretten, og den tida har han brukt på andres ungar. I haust vart han utnemnt som æresmedlem i Hemsedal idrettslag etter eit langt arbeid for særleg langrenn og orientering sidan 1980-talet. Men det er langt frå berre Hemsedal som har nyte godt av Tyribakkens innsats. Det starta i heimbygda Nes i 1971. Då vart han formann i friidrettsgruppa. Og det neste tiåret vart han ein sentral figur i oppbygginga av det gode friidrettsmiljøet.

«Me set veldig pris på innsatsen du gjer for Idretts-Norge. Me treng eldsjeler som deg. Tusen hjarteleg takk. Du får dette diplomet og 10.000 kroner til klubben din. Hald fram med det gode arbeidet, og gratulerer», seier Kjetil André Aamodt på vegner av juryen

Prisen som årets eldsjel er ein av mange prisar som blir delt ut under Idrettsgallaen 9. januar 2021, som vises på NRK. Tyribakken eller ein av dei ti andre kandidatane kan vinne denne heiderskonkurransen.