Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Tilskot av kulturmidlar 2025

Hemsedal kommune vil støtte kulturlivet slik at det kjem flest mogleg til gode, gjennom tilskotsordningar som sikrar breidda og mangfaldet i kulturlivet.

Tilskotsmidlane skal tildelast lag og organisasjonar som forhindrar mobbing og utestenging og støttar likestilling, likeverd og mangfald.

Retningslinene legg særleg vekt på støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar og aktivitetar for desse gruppene.

Alle lag og organisasjonar i Hemsedal kommune, som er aktive og har eit ideelt formål, kan søkje om tilskot til drift. Det vert også gjeve støtte til arrangement og prosjekt. Ein føresetnad for at laget vert vurdert, er at det har medlemskontingent og fører medlemslister.

Merk at det er ein søknads- og tildelingsrunde i året. Dette gjeld også støtte til arrangement.

Søknadsfrist 1. april 2025

Hugs medlemsliste, rekneskap og årsmelding.
Søknadene vert handsama i Hovudutval for Livsløp.

 

Mer informasjon finner du her: Kulturmidlar - Hemsedal kommune

Sist endret: 27.01.2025