Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot av kulturmidlar 2022

Hemsedal kommune vil støtte kulturlivet slik at det kjem flest mogleg til gode, gjennom tilskotsordningar som sikrar breidda og mangfaldet i kulturlivet.

Tilskotsmidlane skal tildelast lag og organisasjonar som forhindrar mobbing og utestenging og støttar likestilling, likeverd og mangfald.

Retningslinene legg særleg vekt på støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar og aktivitetar
for desse gruppene.

Alle lag og organisasjonar i Hemsedal kommune, som er aktive og har eit
ideelt formål, kan søkje om tilskot til drift. Det vert også gjeve støtte til arrangement og prosjekt. Ein føresetnad for at laget vert vurdert, er at det har medlemskontingent og fører medlemslister.

Søk støtte til rusfrie arrangement/ aktivitetar til barn og unge i same søknadsskjema.

Merk at frå og med i år er det ein søknads- og tildelingsrunde. Dette gjeld også støtte til arrangement.

Søknadfrist 1.april. Hugs medlemsliste, rekneskap og årsmelding. Søknadene vert handsama i Hovudutval for Livsløp.


Søknad til kulturmidlar må fyllast ut på skjema for kulturmidlar. Søknadsskjema og retningsliner finn du på nettsida: https://www.hemsedal.kommune.no/kultur-og-fritid/kulturmiddel/