Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Til alle eigarar av landbrukseigedom i Hemsedal

Låve.png I tilknytning til dette, så ønsker vi å fotografere låver/driftsbygningar i Hemsedal.  Det er fotograf og hemsedøl Terje Svendsen som vil reise rundt å fotografere.  Han vil ta kontakt med eigarane før han kjem for å fotografere. 

Kort om «Låveprosjektet»:
Landbruket i Hemsedal har vore igjennom store endringar dei siste 80 åra. Gjennom å fotografere låvene/driftsbygningane og i neste omgong innhente informasjon om bruken av desse bygningane, så håper vi å få laga ei interessant historiebok om utviklinga av landbruket i bygda.

Boka vil kome for sal når den er ferdig.
Eigarane vil også kunne få kjøpt bilder av eigne bygg.

Denne innsamlinga av foto vil vere av stor interesse for Hemsedal Bygdearkiv. Hemsedal kommune er eigar av Hemsedal Bygdearkiv og Hemsedal Historielag har avtale om drift av Hemsedal Bygdearkiv. Difor håper vi at du er positiv og vil bidra i dette arbeidet.  

Helsing Hemsedal Historielag

Sist endret: 02.01.2025