Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Saksbehandlingstid og flytting til fritidsenheter

SAKSBEHANDLINGSTID

Me vil  opplyse om at grunna krisesituasjon forårsaka av Covid-19 viruset kan det, nå for tida, ta uforholdsmessig lang tid før søknader vert behandla.

Me seier oss leie for det.

FLYTTING TIL HYTTA

For å kunne nytte fritidsbustad som heilårsbustad (melde om flytting) er det naudsynt å søkje om bruksendring frå fritidsbustad  til heilårsbustad. Samstundes er det viktig å opplyse om at bruk av fritidsbustad som heilårsbustad i dei fleste områda vil vera i strid med vedteken reguleringsplan og arealformål (sjå kommunekart for å vise kva gjeld for din eigedom). Bruksendring vil difor vera avhengig av at arealformål blir endra anten gjennom ein planprosess eller at det er gitt dispensasjon etter plan – og bygningslova kap. 19 frå det gjeldande arealformål.  Plan- og bygningsloven styrer korleis dispensasjonar skal behandlast. Sjå internett-sida til kommunen: https://www.hemsedal.kommune.no/dispensasjon

for meir informasjon om korleis Dykk kan søkje om dispensasjon.  Dispensasjon har 3 månader saksbehandlingstid frå komplett søknad er motteke og i tillegg 3 veker for bruksendring.

Gebyr for dispensasjon som ikkje er objekt for ekstern høyring er elles kr. 14330,- og for dispensasjonar med høyring til sentrale myndigheiter er gebyret kr. 19100,-

Ekstern høyring vert vurdert nærare gjennom saksutgreiing og utfall ved handsaming av saka. Gebyr for evt. tinglysning kjem i tillegg.

Til informasjon er ikkje bruksendring av fritidsbustader til heilårsbustader ein kurant sak og Hemsedal kommune har prinsipielt ikkje opna for dette.

Sjå også Kommunal Rapport for artikkel rundt dette tema: Flytting til hytta