Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Nytt frå 2024: Avlesning av vassmålar på SMS

Hemsedal kommune har teke i bruk vassmåleravlesning på SMS.
SMS blir sendt frå eit 14 siffera nummer.

Du vil bli bedt om å svara på SMS-meldinga og oppgje målerstanden på din vassmålar.

Har du ikkje oppgitt mobiltelefonnummer, vil vi sende ut avlesingskort digitalt via Altinn eller Digital postkasse (Digipost). Dei me ikkje når via SMS, Altinn eller Digipost vil få avlesingskortet i posten. Her ber vi deg om å oppgje mobilnummer, slik at vi ved neste avlesing kan sende deg SMS.

Har du ikkje oppgitt mobiltelefonnummer må du rapportere inn vassmålerstanden til www.leseav.no, eller frankera og returnera avlesingskortet i utfylt stand til:
Hemsedal kommune, Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal.
Du kan òg sende avlesninga til: vassmalar@hemsedal.kommune.no eller levere i postkasse ved hovedinngangen på kommunehuset i Hemsedal.

Spørsmål om vassmåleravlesing rettast til: vassmalar@hemsedal.kommune.no eller ring Hemsedal kommune tlf. 31 40 88 00.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel bruke det mobilnummeret du svarte via, ev. mobilnummeret du oppgir saman med avlesninga på www.leseav.no eller som du oppgir på svarslippen.

Registrering av mobiltelefonnummer

Det finst fleire offentlege register der du kan registrere mobiltelefonnummer ditt. Det er òg oppretta eit register knytt til SMS-tenesta.
Her er to alternativ du kan bruke for å registrere mobiltelefonnummeret ditt:
www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon
www.varslemeg.no

Bedrifter
Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på www.varslemeg.no, fordi telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast ut frå andre kanalar.

 

Teknisk drift

 

Sist endret: 02.01.2025