Frist for å søkje om løyve til motorisert ferdsel i utmark i Hemsedal kommune i periode 2024-2026 er 16. oktober 2023.
Søknadsformål kan vere leigekøyring, transport for funksjonshemma, transport til hytte der det ikkje finns leigekøyringstilbod, transport av ved og transport i samband med utmarksnæring.
Søknadsskjema finn du her
Hugs at løyve frå grunneigar må leggast ved søknaden og at kjørebok må framvisast der det er vilkår om dette.
Ferdig utfylt søknad med vedlegg kan verte sendt til postmottak@hemsedal.kommune.no
Motorisert ferdsel i utmark i Hemsedal 2024-2026 - Søknadsfrist 16.10.23
Sist endret: 22.09.2023