Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Læring- og mestringskurs

Hallinghelse og Frisklivssentralen i Hemsedal samarbeidar om å halde eit interkommunalt kurs innan læring og mestring ved bruk av kursprogrammet Livsstyrketrening.

Friskliv i Hemsedal har gjennomført to kurs med kursprogrammet Livsstyrketrening ift forebygging av sjukefråvær i Hemsedal Kommune. Hallinghelse har gjennomført tre interkommunale kurs kalla Mestringstreff (utarbeida av NK LMH)frå hausten 2018, for innbyggjarar med langvarige helseutfordringar.

Mestringstreff byggjer blant anna på programmet frå Livsstyrketrening.

Målgruppa er den same for det komande kurset som tidlegare gjennomførte Mestringstreff; innbyggjarar i Hallingdal over 18 år som lev med langvarige/kroniske helseutfordringar.

Det blir helde eit informasjonsmøte for interesserte deltakarar på

Gol Frivilligsentral tysdag 18.juni kl 14.30-15.30 (ingen påmelding til dette møtet).

Oppstart av sjølve kurset er tysdag 27.august kl 11.30-14.30.

Kurset går over 8 samlingar på Gol Frivilligsentral.

Kurset er gratis!

Brosjyre om læring og mestringskurs

Plakat om kurset

For meir informasjon om kurset, sjå vedlagt brosjyre.

 

Kurshaldarane er Tordis Neteland (Friskliv Hemsedal) og Ragna Torkelsgard (Hallinghelse), begge sertifiserte Livsstyrketrenarar.