Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kulturprisen 2019

Gratulerer til Anneli R. og Terje Vøllo som fekk tildelt Hemsedal kommune sin kulturpris 17.05.2019 Kulturprisen vert delt ut til to personer. To personar som over mange år har utmerka seg saman og kvar for seg. Dei har over lang tid vist eit stort engasjement for Hemsedal idrettslag og aktivitet i fotballmiljøet og i alpingruppa.

Gratulerer til Anneli R. og Terje Vøllo
som fekk tildelt Hemsedal kommune sin kulturpris 17.05.2019
 
Anneli har lagt ned mange timar i alpingruppa – som trenar, aktivitetsleiar og styreleiar gjennom ei årrekkje. Ho har leia store rennprosjekt,  ho har klart å halde deltakeravgifta på eit minimum. Slik at flest mogleg har råd til å delta, og ho har vore oppteken av å leggje til rette for trivsel i gruppa, noko ho har klart på en strålande måte. 
Terje har og gjennom mange år vore ein engasjert og dyktig fotballtrenar.
Han har og hatt ansvaret for  mange portplasseringar og mange frikjøyringsøvingar. Terje har eit stort, varmt og ekte engasjement som smittar over på ungane. 

Vi nemner store alpinrenn, NM i alpint 3 gongar på få år, der klubben har vorte kåra til årets arrangør av NSF. Dette krev teknisk og fagleg kompetanse. 

Sportsleg tilrettelegging av høg kvalitet har og vore viktig. 
Dei bruker all si fritid på barn og unge.  Alpingruppa er den største i Hallingdal og dei viser i handling at dei står for Buskerud skikrets si målsetting om – «flest mulig, lengst mulig, best mulig.»
Alpingruppa har mange ungdomar. Dette er unikt i nasjonal målestokk i ei tid då fråfall i ungdomsidretten er stor.

Alpingruppa har for tida ca 15 aktive utøvarar som  i dag er ute i verden og representerer Hemsedal på ein strålande måte. Mange av desse unge har starta på sonerenn her i Hemsedal.
Anneli og Terje har gjort idrett og dugnad til sin livsstil.

Hemsedal kommune gratulerer!