Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Hemsedal kommune sin kulturpris 2022

Send grunngjeve forslag om kandidatar innan 1. mars

Hemsedal kommune inviterer innbyggjarane til å fremje kandidatar til den kommunale kulturprisen. Kulturprisen har som føremål å hjelpe fram kulturarbeidet i kommunen.

Hemsedal kommune sin kulturpris kan delast i tre kategoriar:
- kulturinnsats
- lokal byggeskikk
- idrettsprestasjonar

Kandidaten må ha nær tilknyting til Hemsedal sitt kultur-/ idrettsliv og vere busett eller arbeide i Hemsedal kommune.

Profesjonelle og amatørar har lik moglegheit til å få kulturprisen. Hovudutval for Livsløp avgjer kven som skal motta årets kulturpris.Prisen er eit diplom og eit kunstnerisk uttrykk.

Send grunngjeve forslag om kandidatar til
postmottak@hemsedal.kommune.no eller
Hemsedal kommune, 2889 Hemsedalsvegen, 3560 Hemsedal innan 1. mars

For meir informasjon, oversikt over tidlegare prisvinnarar og fullstendige retningsliner, sjå www.hemsedal.kommune.no