Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

KulturPRAT - ope møte for alle i Hemsedal

Vil du vere med og forme framtidas kulturtilbod i Hemsedal?
Tysdag 3. mars inviterer vi alle innbyggjarar til KulturPRAT på Hemsedal bibliotek kl. 19–21.

Kultur er mykje meir enn ein trur – det kan vera arrangement og festivalar, idrett og friluftsliv, korps, kor og musikk, kulturskule og ungdomsaktivitetar, handverk og tradisjonar, frivillig arbeid, foreldreråd og nærmiljødugnader, kulturarv, bibliotek og litteratur, kunst og kreative møteplassar – og alt som skaper fellesskap og trivsel i bygda.  

Kom og del tankar, behov og idear – store som små. Din stemme er viktig når vi no lagar ny kulturplan for Hemsedal.  

Velkomen til ein triveleg kveld med gode samtalar og engasjement for bygda vår!

imagexbyx.png

Sist endret: 20.02.2026