Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kulturminneplan for Hemsedal

Kulturminneplan for Hemsedal – registrering og besøk i bygda

Hemsedal kommune har vedteke og er i gang med å lage ein kulturminneplan.
En kulturminneplan er kommunen sin oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø, og inneheld ein plan for forvaltning av desse. 
Kommunedelplan for Kulturminne og kulturmiljø for Hemsedal er viktig slik at ein får teke vare på kulturarven for framtidige generasjonar. Det vert viktig å avdekke kvar, kva type og korleis ein vil ta vare på kulturminna og i kva rekkjefylgje. Hemsedal kommune har i dette arbeidet engasjert konsulentfirmaet Odel v/Torbjørn Røberg for registrering av kulturminner. Om du skulle møte han med notatblokk og kamera så er han ute på oppdrag for Hemsedal kommune.