Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kartlagte områder for friluftsliv - Høyringsfrist 25. oktober

fiskumstig

Hemsedal kommune har kartlagt tilsaman 99 områder som enten er svært viktig (A), viktig (B) eller registrert som friluftsområde (C) i Hemsedal. Desse områda er enten nærturterreng, leike – og rekreasjonsområder, utfartsområder, strandsone med tilhøyrande vann og vassdrag, grøntkorridorar, særlige kvalitetsområder, store turområder m/ tilrettelegging eller store turområder u/ tilrettelegging. Kartleggingsmetodikken følgjer av Miljødirektoratets vegleiar M98-2013; Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder.

Du kan sjå alle desse områda på kommunekart.com. Søk opp Hemsedal kommune og velg kartlaga Friluftslivskartlegging Områdetype og Friluftslivskartlegging Verd.

Om du kjenner til områder som ikkje er med i denne kartlegginga so ynskjer me svært gjerne å høyre om dei. Send eventuelle innspel til postmottak@hemsedal.kommune.no innan 25. oktober.