Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Høyring - Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022-2027

med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsplan, er lagt ut på høyring.

Alle som har interesse for vassforvaltning vert invitert til å bidra med innspel, slik at vi kan få ein enno betre plan for korleis vi skal nå eit godt vassmiljø til glede og nytte for heile samfunnet.

Høyringsdokumenta finn du her: https://www.vannportalen.no/vannregioner/vestland/

Vassforvaltningsplanen set miljømål for vassførekomstane, tiltaksprogrammet skisserer tiltak for å nå miljømåla, og handlingsprogrammet koordinerer prosessen med å nå miljømåla. Kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar er gjennom planen plikta til å legge miljømåla til grunn for deira planlegging og verksemd. Planen skal etter vedtak i fylkesting sendast over til Klima- og miljødepartementet for godkjenning.

Høyringsfrist 30. juni 2021

Vi minner òg om den nasjonale høyringskonferansen som vert arrangert 27. og 28. april.