I Hemsedal kan du stemme på førehand i kommunehuset i ordinær opningstid:
måndag til fredag kl. 09 – 15
10. – 25.august er Tenestetorget førehandsstemmelokale
28. august – 8.september skjer røystinga i foajéen utanfor kultursalen
Utvida opningstid:
Laurdag 2. september kl. 10 - 14
Onsdag 6. september til kl. 19
Hugs å ta med valkort og legitimasjon!
Ver tidleg ute om du skal stemme til ein annan kommune, slik at røystegjevinga di når fram med posten til kommunen eller fylkeskommunen du er manntalsført i.
For innformasjon om næraste vallokale der du befinn deg, sjå valglokaler.no
Ambulerande røysting (stemme heime)
Viss du ikkje kan kome til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til.
Viss du får samtykke i å stemme heime, kjem valmedarbeidarar heim til deg og tek imot førehandsstemma der.
Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast tysdag 6. september.
Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Hemsedal
Kommunehuset, Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal
Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan og ringe Tenestetorget på 31408800 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime, eller send epost til tenestetorget@hemsedal.kommune.no