Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Forbod mot oljefyring frå 2020

Frå 1.1.2020 er det ikkje lenger lov å nytte fossil fyringsolje til oppvarming av bygningar

Dette er nedfelt i eiga forskrift:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-06-28-1060

Eigar og brukar av fyringsanlegget har ansvar for at forbodet vert overholdt, medan kommunen kan føre tilsyn med dette. Informasjon om korleis ein byttar ut oljefyring og fjernar oljetank finn ein her: www.oljefri.no

Nedgravde oljetankar
Nedgravde oljetankar som ikkje lenger er i bruk skal verte gravd opp, tømt for restolje, gjort rein og levert til godkjent mottak. Dette fordi gamle nedgravde oljetankar kan vere ei kjelde til forureining av grunnen. Dersom særlege grunnar ligg føre kan kommunen gje dispensasjon til at ein tank kan forbli nedgravd. Då må tanken tømmast for restolje, verte reinsa og fylt med grus/sand av godkjent selskap.
Elles so kan ein få svar på spørsmål om nedgravde oljetankar her:
https://www.miljodirektoratet.no/verktoy/sporsmal-og-svar/nedgravde-oljetanker/

Støtteordningar
Enova har støtteordningar for fjerning av oljefyr og oljetank. Desse støtteordningane gjeld kun ut 2019 inntil forbodet trer i kraft 01.01.2020. https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/fjerne-fossil-oppvarming/fjerning-av-oljefyr-og-tank/. Enova har også ein kjøpsvegleiar med konkrete tips og råd for dei som skal fase ut eit oljefyringsanlegg.