Vi inviterer grunneigarar, utbyggarar, næringsaktørar, lag og foreiningar, innbyggarar og andre interesserte til verksted om kvalitet i uterom og vidare utvikling av Hemsedal sentrum. Prinsippa og metodikken som blir brukt i verkstedet kan også vere relevante for aktørar i Tuv og Ulsåk.
📅 Torsdag 23. april kl. 19.30
📍 Kultursalen
Det blir arrangert arbeidsverksted med innlegg fra LINK Arkitektur, etterfølgt av arbeidsgrupper retta mot konkrete prosjekt. LINK Arkitektur presenterer arbeidet med Uteromsveilederen og viser korleis kvalitet i uterom kan vere eit felles fagleg grunnlag for framtidige satsingar og investeringar i sentrum.
Uteromsveileder for Trøym - pdf
Av omsyn til planlegging ber vi om at du melder interesse til anders.teigen.bakke@hemsedal.kommune.no, men du er også hjarteleg velkomen utan påmelding.
Bakgrunn:
Temadagen er mogleggjort gjennom tilskot frå Bufdir til kunnskapsutvikling og kompetanseheving innan universell utforming. Målet er å styrke lokal kompetanse og legge til rette for samarbeid om universell utforming i vidare sentrumsutvikling.
Fleire bolkar same dag – ope møte
For dei som ønskjer meir innsikt og fagleg forankring, er også følgjande møte ope for publikum:
Kl. 09.00–10.00:
Attraktiv stedsutvikling for alle
- Politisk retning og fagleg gjennomføring
- Presentert av LINK Arkitektur
Verksted - "Fellesløft for sentrum" - 23. april - kl. 19.30
Sist endret: 10.04.2026
