Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Energisparing gir resultat

I vekesvis har det vore mykje energiprat i kommunale bygg. Me finn vaktmeisterpersonale høgt og lågt på kontor, kantine og andre stadar. No gjer arbeidet synlege resultat!

EPC arbeidet (Energisparing) på 10 av bygga våre nærmar seg sluttfasen. Det er snart kun viktig arbeid med innstilling (tuning) av anlegg som står att.
Kontrakt bygger på at det skal vera ein samla energireduksjon på 38 % på bygga som er omfatta av kontrakten.
Arbeid er ikkje ferdig, men siste vekers målingar på Tuv oppvekstsenter viser ein energireduksjon på 55 %.
Det har vore eit strålande samarbeid med rådgjevarfirma og Hemsedal kommune. Honnør til vaktmeisterpersonale for deira kompetanse og fantastiske engasjement.
Utan deira aktive innsats hadde me ikkje fått resultata me no byrjar å sjå.