Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Eigedomsskatt og koronasituasjonen

Hemsedal kommune har opna for at det kan søkast om ettergjeving av eigedomskatt grunna koronasituasjonen.

 

Formannskapet har i møte 10.11.20 laga nærare retningsliner for ordninga:
Vedtak i formannskapet sak 53/20:
Slike vilkår vert lagt til grunn for vurdering av lemping / ettergjeving etter eigedomskattelova §28:

1. Ettergjeving av eigedomsskatt vert berre gjeve heilt unntaksvis og etter ein konkret vurdering
2. Beløp under kr 4 000 for privatpersonar og kr 15 000 kr for næringsbedrifter gjev ikkje grunnlag
    for lemping eller ettergjeving
3. Maksimal grense for lempingen / ettergjeving vert sett til 50% av utskreven skatt
4. Vurdering skjer etter søknad 
    a. Søknaden må grunngjevast 
    b. Det må ligge føre: 
        i. stadfesting at omsetningsfallet er ein direkte følge av korona-tiltak, og 
       ii. stadfesting at omsetningsfallet må ha ført til midlertidig manglande betalingsevne.
    d. at skattytar ikkje har fått dekka kostnadane til eigedomsskatt gjennom andre tiltak frå regjeringen eller andre offentlege         støtteordningar.
    c. Som vedlegg til søknaden skal det følge økonomisk rapport som viser rekneskapstal periode
       1-9 år 2020, periode 1-9 år 2019 samt opprinneleg budsjett/kalkyle for perioden 1-9 år 2020.
5. Eigedomar eigd av staten, kommunar eller fylkeskommunar direkte eller selskap som er heileigd  av staten, kommunar eller fylkeskommunar vert ikkje innvilga lemping eller ettergjeving av eigedomsskatt.
6. Eigedomar eigd av foretak under konkursbehandling vert ikkje innvilga lemping / ettergjeving

Heile saka kan du lese her Sakspapir og møtekalender - Formannskapet sak 53/20

Siste frist for å søke om ettergjeving av eigedomsskatten for skatteåret 2020 er sett til 15. desember 2020.