I kommunestyret 14. desember 2022 vart det vedteke å auke skattesatsen for eigedomsskatt frå 2 ‰ til 3 ‰. Samstundes vart det vedteke å innføre eit botnfrådrag på kr 1.000.000 for bustader og fritidsbustader i Hemsedal kommune.
Innføring av botnfrådrag skal bidra til å dempe skattetrykket for dei som treng det mest i økonomisk krevjande tider med høge renter, auka prisar på mellom anna straum, mat og drivstoff.
Dei vedteke endringane inneber at 97,9 % av bustadeigarar og 72,4 % av fritidsbustadeigarar vil få lågare eigedomsskatt i 2023. Hemsedal kommune har for 2023 budsjettert med 3,5 mill. i lågare inntekt frå eigedomsskatt som følgje av desse endringane.
Mer informasjon om botnfradrag og bustader og fritidsbustader