Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Digital postkasse

Unngå unødvendig ventetid, og få brev frå det offentlege og private direkte i den digitale postkassen, same kor du er. Raskt, sikkert og enkelt

Velg digital post fra oss

Unngå unødvendig ventetid, og få brev frå det offentlege og private direkte i den digitale postkassen, same kor du er. Raskt, sikkert og enkelt!

Skaffar du deg digital postkasse vil du få vedtak om barnehageplass eller skuleplass, vedtak i byggesaker og mange andre typar dokument i den digitale postkassen. Der blir dei liggande i ditt personlege arkiv så lenge du vil.

- Eg håpar mange av innbyggjarane som ikkje har oppretta digital postkasse kan ta seg bryet med å bruka nokre minutt på å gjere dette. Dei som treng hjelp til å oppretta digital postkasse, eller har spørsmål om tenesta, kan kontakta kommunen - me hjelper gjerne til.

Slik skaffar du deg digital postkasse:

Gå inn på norge.no
• Vel «Digital postkasse»
• Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
• Vel enten Digipost eller e-Boks
Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse.