Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

Mi side Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Delta i spørjeundersøking-vinn el-sykkel

Me vil gjerne høyre di meining om dei store og små grepa me kan gjera framover – som kommune og i fellesskap. Difor vert det i desse dagar (frå fredag 24. mai) sendt ut skriv om ei spørjeundersøking som me håpar så mange som mogleg svarar på.

Undersøkinga bygg vidare på arbeidet med revidering av «Kommuneplanen – Samfunnsdelen», kor me i vinter hadde fleire grendamøter med bra oppmøte og engasjement.

Ønsker du å vera med, men har ikkje fått skriv med passord til undersøkinga; ta kontakt med tenestetorget.

Her loggar du inn: http://svar.bedrekommune.no 

Undersøkinga er utvikla av Kommuneforlaget, og består av mange spørsmål, der dei siste spørsmåla går endå meir konkret mot Hemsedal som bygd.

Frist for deltaking er 27. juni.

Alle svar blir handsama anonymt og skjer i samsvar med Datatilsynet sine reglar for personvern. Passordet er ikkje knytt til ditt namn.

Resultata frå undersøkinga vert offentliggjort på heimesida til kommunen, facebooksida og i lokalavisa. Dersom du har spørsmål om undersøkinga kan du gjerne ta kontakt med tenestetorget; tenestetorget@hemsedal.kommune.no / 31 40 88 00