Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Inn på tunet

Alle passar ikkje inn i "systemet" og treng eit eige opplegg for å utvikle seg og å meistre livet sitt. Gardsmiljøet har mange mogelegheiter. I tillegg til gardsdrifta kan aktivitetar som snekring, husflid, baking og produksjon av ulike produkt vere ein del av tilbodet.

Inn på tunet (IPT) er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje grunnlag for meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er en eigedom som nyttast til jord-, skog- eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbdet er knytt til garden, livet og arbeidet der.

I Hallingdal er det fleire bønder som har teke helse miljø- og sikkerheitskurs (HMS-kurs) og Inn på tunet kvalitet- og tryggleikskurs.

Nokre har starta har Inn på tunet-tilbod på garden sin, mens andre er interesserte i å starte.

Er du interessert eller veit om nokon som kan ha nytte og glede av dette tilbodet?

Inn på tunet gir mogelegheit for folk i alle aldrar!

Les meir om Inn på tunet- ordningen her

Tilbydarar i Viken / Hallingdal