Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vinterdrift av vegar

Reglar for brøyting av kommunale vegar og plassar:

•Dei viktigaste vegar og plassar skal være brøyta/rydda innan kl.07.00 etter snøfall om natta.

•På sundagar og heilagdagar skal alle vegar og plassar være brøyta innan kl.09.00 etter snøfall om natta.

•Elles skal alt vere brøyta/rydda så tidleg som mogeleg etter kvart snøfall.

•Generelt gjeld at det skal brøytast etter snøfall over 5 cm. For øvrig må vegnettet til ein kvar tid være framkommeleg med bil.

•Høvling av vegar og plassar skal utførast så ofte som det er nødvendig eller etter ordre frå teknisk drift uteavdeling

•Bortkøyring av snø frå vegkryss og plassar skal utførast så ofte som det er nødvendig eller etter ordre frå teknisk drift.

•Vegane skal brøytast i full breidd. Det same gjeld for plassar.

•Rydding av private avkøyringar ved offentleg veg er kommunen uvedkommande. Dette gjeld også parti mellom riksveg og gang/sykkelveg.

•Kommunen er ansvarleg for å fjerne høvlingskant mot private avkøyringar etter høvling på kommunale vegar og plassar.

Brøyting av snø frå offentleg veg til naboeigedom:

Det finnes ingen konkret lovtekst som formulerar vegmyndigheten sin rett til å make snø frå offentleg veg over på privat eigedom, men forholdet vert regulert av paragraf 2 i naboloven.
Der heiter det at ”Ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe på granneeigedom.”

Naboloven set dermed grensene for kva vegmyndighetane kan gjera. Dei ulempene du som nabo til vegen vert påført, kan i dei fleste tilfeller å ansjå som eit nødvendig onde for at vegen skal haldast køyrbar, og brøyting av snø frå kommunal veg over på naboeigedom er dermed ikkje i strid med naboloven.

I perioder/vintrar med stort snøfall vil tålegrensen for påførte ulemper etter naboloven kunne utvidast – dvs. jo meir snø som fell og må flyttast/fjernast frå vegområdet av hensyn til vegtrafikken, trafikksikkerheit og framkommelegheit, desto større ulempe må naboar til veg måtte tåle som følgje av brøyting/fresing. Det forholdet at snø som kjem inn i hagar eller innkjørslar kan innehalde strøsand eller salt, må også ansjås å liggje innanfor tålegrensen etter naboloven.

Det vert også vist til den lovlighetsvurdering som er skissert i brev frå Statens vegvesen Vegdirektoratet til Statens vegvesen Oppland av 10. februar 1989. Her framgår det:

«Vegdirektoratet antar at en må anvende de samme rettslige prinsipper ved vurdering av ulemper ved snøbrøyting som for andre ulemper i forbindelse med vei. Ulemper som følge av normal snøbrøyting på offentlig vei, herunder snøopplag på private naboeiendommer, er gjennomgående forhold veiens oppsittere erstatningsfritt må finne seg i. Dette har vært praktisert over landet i alle år. Selv om forholdet fra tid til annen har vært påklaget, er en ikke kjent med at det har vært bestridt at det er lovlig adgang til å foreta snøbrøyting på denne måten. Resonnementet er blant annet at veiens naboer også har fordel av veien og at denne holdes oppe vinterstid, og det må av denne grunn kreves særskilte eller betydelige ulemper før ansvaret utløses fra veiholder. Nøyaktig hvor tålegrensen går kan være vanskelig å fastsette, men enkelte holdepunkter kan angis". I samme brev fremgår også: "sitat: At ulemper som følge av normalt vintervedlikehold må tåles uten erstatning, innebærer at det heller ikke utløser ansvar om snøen er sand- eller saltblandet.»

I tillegg vises til Samferdselsdepartementets brev av 9. desember 1969 til vegsjefen i Hordaland:

«Med enkelte unntak blir offentlige veier brøytet for snø. Dette medfører at snøen blir brøytet inn over private avkjørsler. Vanligvis strekker den offentlige veigrunnen seg ikke så langt at man unngår å brøyte snøen inn på de tilstøtende eiendommer. Dette er forhold som man må regne med ved avståelse av grunn til offentlige veiformål. Ved ekspropriasjon eller frivillig avtale om vederlaget for grunnavståelse forutsettes det tatt hensyn til ulemper som følge av dette. Er grunn avstått uten vederlag, må man gå ut fra at også ulempene ved forsvarlig snøbrøyting er godtatt dersom det ikke er tatt uttrykkelig forbehold på dette punkt».

Statens vegvesen har ansvaret for brøyting og anna vedlikehald av riks- og fylkesvegar. Sjølve brøytejobben vert utført av private entreprenørar. Dei skal sørge for å halde vegane framkommelege for biler som er normalt utstyrt for vinterføre.

 

Vinterdrift av riks- og fylkesvegar

•Vegane skal generelt vere framkommelege for køyretøy som er normalt utrusta for vinterkøyring

•Hovedvegane har høgst prioritet

•Kravet til tilstanden på vegen er avtalt i kontrakter mellom Statens vegvesen og utførande entreprenør

Brøyting langs kommunale vegar

Parkering av bilar langs kommunale vegar og fortau er eit stort problem når brøyting og anna vintervedlikehald skal utførast. I tillegg er slik parkering til hinder for utrykkingskjøretøy og skapar trafikkfarlege situasjonar både for gåande og kjørande.

•Hemsedal kommune oppmodar difor alle om å unngå parkering av bilar langs kommunale vegar. Parkering på fortau er forbode. 

•Feilparkerte bilar kan medføre at vegar og fortau ikkje vert brøyta eller strødd.

•Problemet med feilparkerte bilar er særleg stort på Skogajordet.

•Hemsedal kommune vil difor vurdere å innføre soner på Skogajordet der parkering vert forbode