Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vassmålar

Kven skal eller kan ha vassmålar?

•Alle nye bustadar, fritidsbustadar og all næringsverksemd kopla til kommunal nett skal installere vassmålar og betale etter målt forbruk.

•Eksisterande bustadar og fritidsbustader som betaler gebyr etter areal, kan velje å installere vassmålar og deretter betale etter målt forbruk.

•Kommunen kan og pålegge  eksisterande bustadar og fritidsbustader som betaler etter areal å installere vassmålar.

•Vassmålaren skal stå frostfritt og det skal vere enkelt å foreta avlesing og utskifting når som helst. Vanlegvis er det uproblematisk å installere vassmålar i eldre bygg, men det førekjem at det er bygningsmessige eller vass- /avløpstekniske forhold som gjer det ikkje tilrådelig.

 

Overgang frå arealberekning til vassmålar

•Den som ønskjer få installert vassmålar og berekna gebyret sitt etter målt forbruk, må kontakte ein rørleggjar som kan stå som ansvarleg utførande (det vil seie at vedkommande må ha godkjenning for dette arbeidet etter reglane i plan- og bygningslova med forskrifter).

•Ansvarleg utførande tek seg av kontakten med kommunen og får utlevert vassmålar frå  det kommunale  lageret.

Rekvisasjon av vassmålar

•Huseigar betaler ansvarlig utførande for arbeidet med installering. Alle kostnader til kjøp, vedlikehald og rutinemessig utskifting av målaren dekkes via dei årlige vatn- og avløpsgebyra. Vassmålaren er kommunens eigedom.

 

Seksjonerte eigedommar

•Av og til skjer det seksjonering av eigedom der det ikkje er mulig å sette inn vassmålar i kvar enkelt ny eigarseksjon. Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlige for gebyra.

•Gjeld slikt samarbeid et sameige etter Lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarleg for mengdeavhengig del av gebyret i forhold til sin eigarandel, dersom ikkje anna fordeling er fastsett i sameiget sine vedtekter eller bindande vedtak i sameiget.

 

Årleg avlesing av vassmålar

•Kvart år får vassmålarabonnentar tilsendt avlesningskort i posten. Abonnenten leser av vassmålarstanden og melder dette til kommunen ved å returnere utfylt avlesningskort.

•Innmeldt målarstand vert nytta som grunnlag for berekning av årsgebyr.

Gebyr

•Alle gebyr skal  innbetalast forskotsvis, på grunnlag av et stipulert forbruk.

•Når forbruket målast, skal kunden betale for det forbruket som har passert målaren i avregningsperioden, mens innbetalt forskot for same periode kjem til fråtrekk.

 

Utskifting av vassmålar

•Vassmålaren bør ikkje bli for gamal, da målenøyaktigheta vanlegvis minkar med åra.

 

Fordeler og ulemper

•Den økonomiske fordelen med å installere vassmålar avhenger av vassforbruk og storleiken på bustaden. Innsparinga kan vere på fleire tusen kroner i året for en einslig person i eit stort hus.

• Installasjonen betingar at ein må vere påpasseleg med vedlikehaldet av sanitært utstyr.

•Det er viktig å kontrollere at vatn ikkje lekk ut gjennom kraner som drypp eller toalettsisterner som står og renn.

•Når det ikkje vert tappa vatn, skal visarane på vassmålaren stå stille.

•Beveger visarane seg sjølv om alle vassforbrukande installasjonar er stengt, skuldast det sannsynligvis lekkasje.

Ved mistanke om lekkasjar, ta kontakt med rørleggjar.

Kontroll av vassmålar

Undersøking ved mistanke om at det målte forbruket er større enn det som faktisk er brukt.
Undersøkinga består av to deler; lekkasjekontroll og målartest.

Lekkasjekontroll

•Når det ikkje brukast vatn i huset, skal det ikkje registrerast forbruk på vassmålaren. I motsett fall er det lekkasje på det interne nettet. Eit rennande klosett vil i verste fall kunne bety ekstrautgifter på fleire tusen kroner.

•Vassforbruk gjennom måler som skuldast lekkasje på privat sanitæranlegg er huseigars ansvar.

•Ved mistanke om lekkasje på privat vassledning må huseigar kontakte ein godkjent rørleggjar for lokalisering og utbetring.

Målartest

Huseigar kan kontrollere tilnærma nøyaktigheit på målaren sjølv på fylgjande måte:

1.Kalibrer for eksempel ei 10 liters bøtte så nøyaktig som mulig ved å fylle opp eit litermål 10 gonger. Merk av vasstanden på bøtta og tøm ut vatnet.

2.Steng av alt vassforbruk i huset. Sjekk at det ikkje er lekkasjar!

3.Les av  visarane på målaren som viser desiliter og liter og noter posisjonane. Om målaren ikkje har visarar,  noter antall liter som framkjem av raude siffer og antall desiliter av eit roterande hjul.

4.Fyll opp bøtta til 10-litersmerket, frå ein egna tappestad.

5.Les av visarane/ siffera på måleren på nytt og noter registrert forbruk.

Denne metoden kan nyttast ved mindre husinstallasjonar og eigedommar der ein har kontroll over alle tappestadene. Dersom vatn vert tappa andre stader i huset mens testen pågår vil resultatet bli feil. I større hus må måleren demonterast og testast i kalibrert testbenk.

Dersom registrert forbruk er minst 5 prosent større enn den oppfylte mengde (10,5 liter på måler mot 10 liter i bøtta), meld frå til Teknisk Drift.

Teknisk Drift som vil syte for kontrollmåling på staden før måleren vert skifta ut.

Det er abonnenten sitt ansvar å be om test av måleren.

Dersom måleren vert testa av kommunen eller engasjert rørleggjarføretak etter oppmoding frå abonnenten, og påvist feil er 5 prosent eller større, vil kommune dekke kostnadene ved testen. I tillegg vil feilregistrert forbruk, avgrensa til dei siste tre åra, tilbakebetalast.

Dersom påvist feil er mindre enn 5 prosent, må du betale for testen.