Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vassdrag

Det er Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) som er vassdragsmynde i Norge etter vannressurslova. Kommunen er høyringspart, saman med Fylkesmannen. Kommunen er saman med andre forvaltningsorgan mynde etter lov om laksefisk og innlandsfisk.

Vassdragsovervaking

Hallingdalsvassdraget vert overvåka kvart år og Rambøll lagar rapport på oppdrag frå Regionrådet. Sjå rapporten for 2009.

Hemsil er ein del av Hallingdalsvassdraget og prøvepunkta er ved Holde bru, Trøim renseanlegg, Ulsåk renseanlegg og ved Langeset bru.

EUs vassdirektiv

Rammedirektiv for vatn vart vedtatt i alle medlemsstater i år 2000. Noreg har gjennom EØS-avtalen forplikta seg til å følgje opp den nye vassforvaltningen. Noreg har implementert direktivet i norsk lovgjevning ved ei forskrift - forskrift om rammer for vannforvaltningen.

Målet med forskrifta er å oppnå god kjemisk og økologisk vasstatus innan 2012 for vassdrag i fyrste planfase, og innan 2021 for resten av vassdraga.

For å nå dette målet skal det lagast ein fylkesdelplan for kvar vannregion.

Hemsedal kommune og resten av kommunane i Buskerud høyrer heime i vassregion 2 Vest-Viken saman med heile Vestfold, mesteparten av Telemark og deler av Oppland. Fylkesmannen i Buskerud er vannregionmyndighet for vannregion 2 fram til 01.01.2010. Då overtek Buskerud fylkeskommune. Fylkesmannen i Buskerud held fram som fagmyndighet.

Vassregionutvalget for vassregion 2 (Vest-Viken) vart konstituert på møte 14. februar 2007. Utvalet består av representantar frå berørte fylkesmannembeter, fylkeskommuner, kommunar og sektormyndigheter.

Referansegruppen består av andre berørte og interesserte.