Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskotsordningar i landbruket

Nærings og miljøtilskot i skogbruket 

Tildeling av NMSK tilskot til skogbruket er regulert etter forskrift om «Tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket» fastsett av Landbruksdepartementet 4.februar. 2004. Dette er midlar til nærings- og miljøtiltak i skogbruket samt til skogbruksplanlegging.

Tilskotet har som formål at det ut frå lokale prioriteringar og tilpassingar vert stimulert til auka verdiskaping i skogbruket.

Hallingskog har utarbeidd tilskotsstrategi for ordninga som er felles for heile Hallingdal, og det kan jamfør ordninga gjevast tilskot til:

•Skogkultur

•Prosjekt for å utvikle skogbruket lokalt/regionalt

•Miljøtiltak i skog

•Vegbygging

•Skogsdrift med taubane og hest

•Utdrift av skogsvirke til bioenergi

Tilskot til vegbygging, skogsdrift med taubane og hest, og utdrift av skogsvirke til bioenergi vert løyvd av Fylkesmannen.

Ny revidert tiltaksstrategi vart vedteke i møte 19.01.2012 i Hemsedal kommunestyre sak 18/12. Denne dannar grunnlag for fordeling av tilskotsmidlane. Målgruppe for tilskotet er skogeigarane i Hemsedal kommune.

Tilskot vert utbetalt fortløpande etter innlevert dokumentasjon på at tiltaket er gjennomført.

Tiltaksstrategi for NMSK

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Tilskot til avløysing i landbruket er heimla i Forskrift om tilskot til avløysing.

Avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot) er ei refusjonsordning der føretak med husdyrproduksjon kan få dekke utgifter til avløysing ved ferie og fritid. For å kunne få tilskot må føretaket disponere dyr per 1 januar ved inngangen av avløysaråret, og søkje om refusjon av faktiske utgifter i januar året etter.

Søknadsfristen er 20. januar året etter avløysaråret, og tilskotet vert utbetalt i juni. Det vert søkt på same skjema som produksjonstilskotet. Det kan søkjast eleftronisk, sjå informasjon under produksjonstilskot.

Du finn meir om tilskotsordninga på nettsidene til Landbruksdirektoratet

Regionalt miljøtilskot RMP

Regionale miljøtilskot er produsentretta tilskotsordningar for landbruket som er definert i Regionalt miljøprogram for Buskerud.

Det er fastsett eigen forskrift for kvart fylke. Meir informasjon om dei ulike ordningane finn du på nettsida til Fylkesmannen i Buskerud.

Søknad/søknadsfrist

Søknad skal sendast til kommunen som handsamar søknadene. Søknadsfrist er 20. september. Elektronisk søknad må vera levert før midnatt. Rettleiing og hjelpevideoar finn du på Landbruksdirektoratet sine sider eller på nettsida til Fylkesmannen.

Produksjonstilskot i jordbruket

Produksjonstilskot er eit samlebegrep for ei rekke tilskotsordningar som foretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke på.

Det er kommunen som er handsamar og avgjer søknader om produksjonstilskot. Sjølve tilskotet vert utbetalt sentralt frå Landbruksdirektoratet.

Informasjon om beitesesongen fra Mattilsynet

Føremålet

Føremålet med produksjonstilskot er "å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innanfor dei målsetingane Stortinget har trekt opp" (jf. Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1).

Det er delmål for kvar ordning, og tilskotet vert utrekna med ein sats per dyr eller dekar areal.

Forskrift

Dei ulike tilskotsordningane er definert i jordbruksavtala og i rettleiingsheftet som vert gjeve ut i samband med den enkelte søknadsomgang.

Tilskotsordningar

Det er mange ulike ordningar som ligg under begrepet produksjonstilskot. Desse ordningane er aktuelle i vårt område:
•  tilskot til bevaringsverdige storferasar
•  tilskot til grønt- og potetproduksjon
• driftstilskot til mjølkeproduksjon
• driftstilskot til spesialisert kjøtfeproduksjon
•  tilskot til husdyr
•  tilskot til dyr på beite
•  areal- og kulturlandskapstilskot
•  tilskot til økologisk landbruk

I tillegg til desse ordningane er det fleire tilskottsordningar som er overført til:  Regionalt miljøprogram RMP, i kvart fylke.

Søknadsfristar

Det er to søknadsfristar i året med tilhøyrande registreringsdato.:
•Søknadsfrist 20. januar med registreringsdato 01.januar
•Søknadsfrist 20. august med registreringsdato 31.juli

Søknad/elektronisk søknad

Det er mogleg å søkje om tilskot via internett. Denne tenesta er tilgjengeleg i ei periode på ca. 20 dagar før søknadsfristane.
Elektronisk søknad er tilgjengeleg via Altinn. Søkjarar som ikkje kan/vil søkje elektronisk kan finne søknadsskjema og rettleiingshefte på nettsida til Landbruksdirektoratet eller ved å ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen.

Grøftetilskot

Tilskudd til drenering av jordbruksjord kom i 2014, og forskrift vart fastsett av Landbruks- og matdepartementet 25.06.2013.

Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord

Det er også kommunelt tilskot til grøfting av jordbruksareal, sjå tilskotsordninga:

Tilskotet kan gis til tidlegare grøfta jord, og formålet med forskrifta er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å kunne gje auka jordbruksproduksjon på areala samt redusere fare for erosjon og overflateavrenning av næringstoff til vassdrag.

Du finn søknadskjema og regelverk på Fylkesmannen sine nettsider

Søknadsfrist til Hemsedal kommune er 1. oktober kvart år.

 

Tilskot til ymse jord og skogbruksformål

er ei tilskotsordning knytt til landbruket i Hemsedal kommune. Midlane er ein årleg sum avsett frå kommunen sine konsesjonsavgiftsinntekter. Den årlege summen har vore 250 000 – 300 000 dei siste åra.

Forskrifta til ordninga vart revidert av Hemsedal kommunestyre i sak 74/16.

 Det er mogeleg å søke om tilskot til fylgjande tiltak:

- fulldyrking

- grøfting av tidlegare dyrka jord og beite

- fjerning av gamle beitegjerde

- spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

- tilskot til sperregjerde i utmark

- kommunalt tilskot til investering i samband med stølsdrift

- tilskot til utmarkstilsyn i samband med barmarksesong

- stipend til ungdom, og andre frå Hemsedal til landbruksutdanning

- skogplanting og ungskogpleie

- tilskot til vedlikehald av skogsvegar med fokus på auka nedbør og erosjon

- vasskvalitet på gardsbruk

- ombygging av driftsbygningar til bruk i tilleggsnæring

- foredling av råstoff frå lokalt landbruk

- andre viktige tiltak for landbruket

Dei einskilde tiltakspunkta er ikkje sett opp i prioritert rekkefølgje, men tilskot til nydyrking, grøfting og tiltak på stølar med aktiv støling har 1. prioritet før andre søknadar ved tilskotsbeløp utover ramma. Ved behov for ytterlegare prioritering vert søkjarar som søker om produksjonstilskot prioritert.

For meir informasjon om dei ulike tiltaka sjå Reviderte vedtekter.

Skriftleg søknad skal sendast til Hemsedal kommune innan 1. oktober.

 

SMIL - tilskot: spesielle miljøtiltak i jordbruket

Søknadsfrist for SMIL-tilskot 1. april og 1. oktober

Frå 2015 er det endringar i SMIL- ordninga, og SMIL- midlane er no avgrensa til dei som er berettiga produksjonstilskot i landbruket.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket: regelverk og søknadsskjema

Det er mogleg å søkje tilskot til fylgjande tiltak:

•ta vare på og fremje biologisk mangfald og halde gamal kulturmark i hevd.
•ta vare på, og drive skjøtsel på og omkring kulturminne og kulturmiljø.
•utvendig restaurering av verneverdige bygningar i landbruket
•legge til rette for ferdsel til fots, og oppleving av landbruket sitt kulturlandskap gjennom friluftsliv og rekreasjon, eller andre tiltak som er viktige for kulturlandskapet men som ikkje kjem inn under nokon av punkta over.
•Ulike tiltak som kan reduserer forureining frå landbruket

Tiltaksstrategien for SMIL- midlar i Hallingdal 2016- 2019 er under revidering i forhold til endring i sentral forskrift. 

BU-midler, finansiering av bruksutbygging

Innovasjon Norge tilbyr finansieringshjelp, med anna til investeringar i landbruket i form av ulike tilskot og lån.

Du kan lese meir om dei ulike tilskuddsordningane på Innovasjon Norge sine sider, der finn du og elektronisk søknadsskjema til dei ulike ordningane.

Innovasjon Norge

 

Det er mogeleg å søke om stønad til investeringar innanfor både tradisjonelt landbruk og tilleggsnæring (investeringstilskot og rentestønad). Det er også mogleg å søke etablerarstipend frå bygdeutviklingsmidlane for å starte ny verksemd utanom tradisjonelt landbruk.

Søknadsprosedyre 2017

Registreringsskjema til kommunen

 

Investering i tradisjonelt landbruk

Tilleggsnæring til landbruket

Etablererstønad

Ta kontakt med landbruksavdelinga i kommunen viss det er noko du lurar på i forhold til søknadar til Innovasjon Norge.

Kommunen skal også gje uttale i alle slike saker, derfor er alle søknadar innom kommunen før dei vert sendt Innovasjon Norge. Søknadane vert vurdert i høve til dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeida av Innovasjon Norge.

Sjå Buskerud sine: Fylkesvise retningslinjer og

Forskrift om bygdeutviklingsmidlar  for meire informasjon.