Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot til tilpassing av bustad

Har du behov for å tilpasse bustaden din?

Tilskot til tilpassing av bustad skal medverke til at eldre og funksjonshemma får ein bustad som over tid fungerar godt i forhold til bevegelsesvanskar eller anna funksjonshemming.

Tilskotet vert løyvd til både enkle tiltak og til større ombygningar for å tilretteleggje bustaden i forhold til søkjar si funksjonsnedsetting.

Ordninga er økonomisk behovsprøvd. De økonomiske behovspringa blir gjort etter ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, etter at tilpassingstiltak er gjennomført.

Inntil kr 40 000 kan løyvast i tilskot utan pant i eigedomen. Kommunen administrerar ordninga og søkjer Husbanken om midlar.

Meir informasjon og søknadskjema kan du finne på Husbanken sine nettsider, eller ved henvendelse til tenestetorget i Hemsedal Kommune.