Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Startlån bustad

Startlån er eit finansieringstilbod for dei som ikkje får bustadlån i det vanlege lånemarkedet.

Kven kan få startlån?

•økonomisk vanskelegstilte husstandar

•barnefamiliar

•einslege forsørgjarar

•personar med nedsett funksjonshemming

•flykningar

•personar med opphald på humanitært grunnlag
(også personar som ikkje er norske statsborgarar kan søkje)

Kva kan startlånet brukast til?

•kjøpe ny eller brukt bustad -det er vanlegast at privat bank finansierar deler av bustaden

•refinansiering av dyre lån for å oppretthalde buforholdet

•til utbetring

•til tilpassing ved nedsett funksjonsevne

•bygging av bustad

•til toppfinansiering

Kva må til for å få lån?

Søkjaren må kunne betale renter og avdrag på lånet og samtidig ha nødvendige midlar att til livsoppphald.

•bustaden må vere egna for husstanden og rimeleg i forhold til prisnivået på staden der du skal bu

•ein hovudregel er at bustaden skal liggje i den kommunen som gjer lån

Søknadsskjema

Søknadsskjema og informasjonsbrosjyre

Forskrift om startlån fra Husbanken

 Hemsedal Kommune sine retningsliner når det gjeld startlån.

Det er kommunen som tek imot og behandlar søknader som startlån.