Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Start Upp - Hemsedal

Gründerkonkurranse – «Start Upp Hemsedal» 1-2.6.2017 Vinn opp til kr 35 000!Har du ein nystarta bedrift eller ein forretningside du ønsker å realisere? Kunne du tenke deg å flytte til Hemsedal eller bur du allereie i dalen?

Hemsedal kommune inviterar i til gründerkonkurransen «Start Upp Hemsedal» som er lagt opp som ein workshop den 1-2 juni på Storelia i Hemsedal.

Workshop 1-2.6 i Hemsedal

Her er det lav terskel for å vera med. Du får god rettleiing av ein ekstern inspirator med brei erfaring, og personleg coaching i å framføra ditt prosjekt best mogleg. Workshopen er eit lukka arrangement med påmelding på førehand. Deltakarane får felles briefing og ei økt med personleg rettleiing. Vi kjem til å øva på presentasjon for kvarandre. Her vil vi også presentera virkemiddelapparatet for gründere; Hallingdal Etablerersenter, kommunenes tilbod og Innovasjon Norge.

Dag 1.
Presentasjon av deltakarane maksimum 10 stk. Presentasjon av Lean business planner som eit verktøy. Deltakarane vert kobla på nokre ressurspersonar denne dagen. Kreativ arbeid med forretningsideen. Ein jobbar deretter vidare med forretningideen i modellen Lean business planning.

Dag 2.
Innføring i presentasjonsteknikk. Ein øver på, og pitcher, ideen for kvarandre. Dagen avsluttas med piche konkurranse.

Konkurransen:


Du får moglegheit til å presentera forretningsidéen etter ein Pechakucha mal. Dvs at kvar
 deltakar kan visa 20 bilete, men berre bruke 20 sekunder på kvart. Deltakarane får altså bare 6 minutt og 40 sekund på å fremføra sin presentasjon. Ein kompetent jury vel ut 5 bedrifter som vert premiert som følger:

1 plass:

  • Gratis tilgang til cellekontor i opp til 6 mnd. inkludert internett oppkobling i Hemsedal Veksthus. Verdi kr:15 000

 

  • Gratis tilgang til videokonferanseutstyr og konferanserom

 

  • Gratis økonomisk hjelp av regnskapskonsulent, bank eller juridisk rettleiing. Verdi kr:10 000

 

  • Direkte adgang til workshop til den regionale pitchekonkurransen i Hallingdal «Start Upp Hallingdal». 3 vinnarar av totalt 12 deltakare i workshopen går til finala under Hallingdalskonferansen og kan vinne markedsførings og konsulenthjelp for opp til ein verdi av kr: 50 000.

 

  • Gratis markedsføringspakke (eiga heimeside, foto etc etter behov). Verdi kr 10 000

 

  • Gratis rettleiing via Hallingdal etablerersenter og næringskonsulenten i Hemsedal kommune

 

Total verdi: 35 000

2 plass:

  • Gratis tilgang til ope kontorlandskap i Hemsedal Veksthus inkludert internett oppkobling 6 mnd. Verdi kr: 10 000

 

  • Gratis tilgang til videokonferanseutstyr og konferanserom

 

  • Gratis rettleiing via Hallingdal etablerersenter og næringskonsulenten i Hemsedal kommune

 

    • Gratis økonomisk rettleiing av regnskapskonsulent, bank eller juridisk rettleiing. Verdi kr 10.000

 

Total verdi: 20 000

3-5 plass:

  • Gratis rettleiing via Hallingdal etablerersenter og næringskonsulenten i Hemsedal kommune

 

    • Gratis økonomisk rettleiing av regnskapskonsulent, bank eller juridisk rettleiing. Verdi kr 5.000

 

Total verdi: 5 000

Ser dette spanande ut? Kunne du tenke deg og vera med i denne konkurransen?

Send inn ein kort søknad der du skal fokusere på korleis ditt prosjekt gir svar på følgande:

  • Er eit svar på eit, problem, savn, utfordring

 

  • Er ein løysing, svar, idè

 

  • Passer i eit marknad og konkurranse

 

  • Har potensiale lokalt, nasjonalt eller internasjonalt

 

  • Har forankring, støtteapparat, backup

 

  • Har eit team, medarbeidarar (og motarbeidarar/konkurrentar)

 

  • Har fokus på økonomi, forretningsidé

 

  • Har ein plan for vegen vidare

 

  • Har ein god presentasjon

 

10 bedrifter vert deretter valt ut for å delta på workshopen 1.6-2.6.2017.

Send din korte presentasjon (maks 2 sider) til mailadressa under innan 15.5.2017.

Mail: gunn.eliassen@hemsedal.kommune.no

Ved spørsmål ta kontakt med:

Gunn Eliassen Næringskonsulent Hemsedal kommune Tlf:917824982