Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skjenkeløyve, serveringsløyve og salsløyve

Når treng du servering- og skjenkeløyve?

•Skal du starte eit serveringsstad og ønskjer å skjenke alkohol, må du søkje om både serveringsløyve og skjenkeløyve
•Om du har serveringsløyve frå før, søkjer du om å få skjenkeløyve i tillegg. 
•Om du overtek eit eksisterande serverings eller skjenkestad må du søkje om eigen bevilling så snart som mogleg, og seinast innen 30 dager frå da du overtok.

Endring i løyva

Er det endring i skjenke/sal/serveringsløyva: areal, styrar, vikar for styrar etc. Bruk dette skjema til å sende inn endringen.

Elektronisk skjema

pdf - skjema

Styrar og vikar for styrar må ha bestått kunnskapsprøva for å kunne søke om skjenkeløyve Det er krav om uklanderleg vandel i henhold til alkohollova. Styrar og vikar for styrar må vera ansatt på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling Styrar og vikar for styrar må vera over 20 år.

Korleis søke?

Elektronisk skjema

pdf-skjema


•Vedlegg som må følgje søknad om skjenkeløyve:

Firmaattest
Bekreftelse på bestått kunnskapsprøve for styrar og vikar for styrar
Grunneigers tillatelse til uteservering
Teikning av lokalet inne og ute
Aksjeselskaper må sende revisorbekrefta aksjeeigersbok med eiearandeler oppgitt i prosent

Lukka arrangement - skjenkeløyve

Skjenkeløyve er nødvendig dersom du leier lokaler, tek betalt for alkohol eller dersom lokalet arrangementet skal holdes i kun har ein serveringsløyve.

Om du skal servera alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllup, jubileum eller interne arrangement i firmaer, må du søkje om skjenkeløyve for eit lukka arrangement.

Alle gjester eller deltakarar må vera invitert og ha meldt seg på i førkant. Selskapet kan ikkje vera ope for utanforståande, det vil seie at gjestane ikkje kan vera invitert via annonser, plakater eller sosiale media. I slike tilfelle må du søkje om skjenkeløyve for eit ope arrangement.

I nokre tilfelle treng du ikkje løyve.

Kva krav må du oppfylle?
•Den som sender inn søknaden er automatisk kontaktperson, og må vera fylt 18 år. Du kan oppgje andre personar som skal vera løyvesøkjer og skjenkestyrar.
•Løyvesøkjer må vera fylt 20 år.
•Du må oppgje ein person som skal vera ansvarleg for skjenkinga. Skjenkestyrar må vera fylt 20 år.

Korleis søke?

Elektronisk skjema

pdf-skjema

Kva kostar det?

Gebyrsatsen er for tida kr 310 pr arrangementsdag. Arrangementsdagen er over kl 03.00 påfølgende natt.

Utvida skjenkeløyve for eit enkelt høve (når ein allereie har skjenkeløyve)

Utvida løyve for ein enkeltanledning kan gis til alle typer arrangment ved eit sted som allereie har ein alminneleg skjenkeløyve.

Alminneleg løyve for ein enkeltanledning kan utvidas til å gjelde:
•Eit tilleggslokale eller utandørs i umiddelbar nærhet til serveringsstaden
•Utvida opnings og skjenketid

Kva koster det:

det koster ikkje noko å søke om utviding av løyve.

Korleis søke?

Du må søke seinast 14 dager før arrangementet, Ved større arrangement må du søkje enda tidlegare.

Elektronisk skjema 

pdf-skjema

Dersom arrangementet skal vera utandørs må du sende inn ein teikning eller skisse over arrangementsområdet.

NB: Arrangement på meir enn to dagar vert ikkje definert under kategorien «einskilde høve» og må opp til politisk behandling. For behandlingstid, er det berekna opptil tre mnd. Sjå Hemsedal Kommune sine alkoholpolitiske retningsliner

 

Ope arrangement - skjenkeløyve

Skal du ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokaler utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område, må du søkje om skjenkeløyve for arrangementet.

Kva krav må du oppfylla?
•Du må oppgje ein person som skal vera ansvarlig for skjenkinga.
•Skjenkeansvarleg må vera over 20 år.
•Om det vert skjenkekontroll under arrangementet, må du kunne vise kvittering for betalt bevillingsgebyr.
•Du må levera omsetjingsrapport seinast 14 dager etter arrangementet.

Kva kostar det?

Å søkje kostar 340 NOK. Dette må betales når du søkjer om løyve. Desse penga får du ikkje att sjølv om søknaden ikkje vert innvilga.

Korleis søke?

Elektronisk skjema 

pdf-skjema

Korleis få serveringsløyve?

Planlegg du å starta ein stad kor det serveras mat eller drikke, må du har serveringsløyve. I nokre få tilfeller treng du ikkje serveringsløyve.

Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablererprøva (lenke) for å kunne søkje om serveringsløyve. Løyva vert gitt til selskapet som eig  staden.

Korleis søke?

Elektronisk skjema 

pdf-skjema

Vedlegg som skal følgje søknaden: 

Dokumentasjon på at dagleg leiar er tilsett i bedrifta.
Dokumentasjon på at dagleg leiar har gjennomført og bestått etablererprøva
Firmaattest på alle firma som er involverte i drifta av serveringsstaden
Skatteattest for søkjar, eigar og andre med vesentleg inverknad over verksemda
Teikning over serveringsverksemda 

Korleis få salsløyve?

Butikker som skal selje alkohol, må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høyst 4,7 volumprosent alkohol. Bensinstasjoner, storkiosker og kiosker kan ikkje få salsløyve.

Løyvet vert gitt til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalget. I søknaden må du oppgi opplysningar om staden, eigarforholdet og kven som skal vera styrar og vikar for styrar.

Krav til søkjar

Den som kan få salsløyve må oppfylle følgjande krav:
•Føretaket skal vere registrert i brønnøysundregistra.
•Uklanderleg vandel i følgje politi, skatte- og avgiftsmynda gjeld for løyvehavar, eigar og andre personar med vesentleg innverknad på drifta.
•Styrar og vikar for styrar skal ha uklanderleg vandel.
•Styrar og vikar for styrar skal ha avlagt kunnskapsprøve etter alkohollova.

Søknaden


•Søknaden må leverast på eige skjema.
•Driftskonsept, alkohollova og alkoholpolitiske retningsliner for Hemsedal kommune vert lagt til grunn for vurderinga.
•Søknaden vert sendt politiet og skatte- og avgiftsmynda for uttale. Vedlegg til søknaden

Desse vedlegga skal følgje søknaden:


•Firmaattest for alle selskap som er involverte i drifta av salsstaden.
• Skatteattest for søkjar, eigar og andre med vesentleg inverknad over verksemda.
•Målsett teikning over salsarealet.
•Dokumentasjon på at styrar og vikar for styrar er tilsette i verksemda.
•Dokumentasjon på styrar og vikar for styrar sin kunnskap om alkohollova.

Korleis søke?

Elektronisk skjema

pdf-skjema

 

Ansvarleg vertskap

Hemsedal kommune tilbyr kurs i ansvarleg vertskap, somregel i starten av vintersesongen, desember. Dette tilbodet er gratis, og ein kan ta prøva i ansvarleg vertskap etterfølgande.

Helsedirektoratet har utvikla eit e-læringskurs, som me også anbefaler dei som arbeider med sal og skjenking av alkohol. Kurset finn du på nettsidene til Helsedirektoratet. 

Kort intro til kurset

Ansvarlig vertskap er eit kurs tilpassa deg som arbeider på/ og eller driv ein sal/skjenkestad. Kurset gir deg opplæring i kva alkohollova krev, og belysar kva som skjer med kroppen, både fysisk og psykisk, når man drikker alkohol. Kurset er med på å gje deg eit godt grunnlag for å kunne foreta trygge beslutningar og handlingar.

Kurset tek opp tema som:

  • Alkoholens rolle i samfunnet
  • Alkoholens egenskaper og virkninger
  • Alkoholova og sentrale skjenkebestemmingar med lokale retningsliner og handheving
  • Overskjenking og definisjon av openbart påverka
  • Samarbeid mellom kommune, politi og skjenkestader
  • Utelivsrelatert narkotikaproblem
  • Kommunikasjon - konflikthandtering

Info om kunnskapsprøva

Styrar og vikar for styrar ved sals- og skjenkestader må ha dokumentert kunnskap om alkohollova og bestemmelsar gjeve i medhald av lova.

For å avtale tid til å avlegge kunnskapsprøven om alkohollova, ta kontakt med tenestetorget.

Skjenkestyrar og vikar for styrar skal ha kunnskap om dei bestemmelser som regulerer den aktuelle løyvetype:
•ved skjenkeløyve; kunnskap om innhaldet  i alkohollova kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 samt forskrifter gjeve med heimel i bestemmelsar i desse kapitla.
•ved salgsløyve, kunnskap om innhaldet i alkohollova kapittel 1, 3, 7, 8 og 9 samt forskrifter gjeve med heimel i bestemmelsar i desse kapitla.

Styrar og vikar for styrar skal også ha kjennskap til dei øvrige bestemmelsane i alkohollovgivinga:
•reglane som gjeld ved tildeling av løyve
•kva rettar og plikter eit løyve gir
•kva krav lovverket stiller til utøving av løyvet
•kva forhold som kan føre til inndraging av løyvet
•kva forhold som fører  til bortfall av løyve

Her finn du meir informasjon om kunnskapsprøva i alkohollova

Info om etablererprøva

Dagleg leiar ved ein serveringsstad må ifylgje serveringslova ha avlagt og greidd etablererprøven.

For å avtale tid til å avlegge etablererprøven, ta kontakt med tenestetorget.

Gratis læremateriell

Læremateriell som vert lagt til grunn for eteblererprøven kan du bestille gratis hjå altinn.no

Kjøpe lærebok?

Vinn - som på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet har utvikla etablererprøva - har og utarbeidd læremateriell for prøva. Materiellet kan du kjøpe hjå vinn.no

Gratis etablererskule

Etablererskulen E2 handlar om å lage din eigen forretningsplan. Gjennom denne skal du få avklart vesentlege moment undervegs mot etablering.

Dette er nødvendig for å kunne gje deg svar på om du bør starte, justere planane- eller kanskje bør du vurdere å late vere å eteblere bedrift.
http://www.etablerer.no/ er ein nettbasert etablererskule
•møteplass for deg som vil lære meir om vegen til eiga bedrift
•meir enn 500 sider lærestoff
•øvingar
•interaktive skjema
•reknemodellar i form av tekst/bilete og multimedia

Det er mykje smartare å prøve eit par gonger på "trygg grunn" før du tek prøva for alvor. Sjå på e2 skulen som din simulator.

  

Diverse lover, regler og forskrifter

Alkohollova

Alkohollova med forskrifter

Alkoholpolitiske retningsliner for Hemsedal kommune

Serveringslova