Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Radon bustadhus

Nå er det tid for å måle radon

Miljøretta helsevern Hallingdal (interkommunalt samarbeid i Hallingdal) tilbyr også i år rimelige sporfilmer for radonmåling via Radonlab. Tilbudet kan benyttes av alle innbyggere og virksomheter i Hallingdal. Radon bør måles over minimum 2 måneder i vintersesongen (mellom oktober og april), og sporfilmer er den ekleste og rimeligste metoden.

Årets pris er kr 160,- per sporfilm (+ porto). Dette er inkludert analyse. Bestill hos Miljøretta Helsevern

For spørsmål kontakt Miljøretta helsevern Hallingdal, tlf 32 02 90 08, eller e-pst: post@mhvh.no Eller Radonlab: tlf  21 96 03 50

For bestilling av radonmåling i vann, kontakt Statens Strålevern: radon@nrpa.no (analysen koster ca 250,-)

 

Måling av radon i bustadhus

•Radon er ein radioaktiv gass som vert danna naturleg i berggrunn og jordsmonn.

•Radon kan kome inn i bygningar gjennom utette konstruksjonar mot grunnen.

•Radon har betydning for forekomst av lungekreft.

•Statens strålevern har gjort målingar i Hallingdal som viser at det i mange område er for høge konsentrasjonar i bustadhus

Fra 1.januar 2014 trer eit nytt krav ang utleieboliger i kraft. Huseier plikter då å ha oversikt over årsmiddelverdien for radon i sin utleibolig, og ev sette i gang radonreduserende tiltak dersom nivået er for høyt. Tiltaksgrensen for enkle tiltak er årsmiddelverdier over 100 bq/m3, og maksgrensen er på 200 bq/m3. Sjå eventuelt meir info hjå Statens Strålevern på www.nrpa.no, under tema Radon". Huseier i Hallingdal kan sjølvsagt også benytte seg av tilbudet fra Radonlab via http://radonlab.com/hallingdal.

For meir info om radon og målinger sjå www.mhvh.no eller ring Miljøretta helsevern Hallingdal på 32029008

Strålevernet har saman med Norges geologiske undersøkelse (NGU) lansert eit nasjonalt aktsomhetskart som viser kva for områder i Norge som kan væra meir utsatt for radon enn andre.  Enkelte av kommunane i Hallingdal blir karakterisert som høgaktsomheitsområde med over 20 % av boligane over 200 Bq/m3. Men fleire av desse karta er mangelfulle og manglar informasjon om radon for større områder.

Miljøretta helsevern Hallingdal har utarbeida radonkart for alle kommunane i Hallingdal på bakgrunn av radonmålingar som er gjort i kommunane dei siste 20 år. Desse karta er meir detaljerte enn dei nye aktsomhetskarta frå Statens strålevern. Radonkart for alle kommunane i Hallingdal kan lastast ned frå nettsida vår:

http://mhvh.no/no/aktuelt/radonkart_hallingdalskommunene/