Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Privat vatn og avløp

Søknadsprosessen

Søknadskjema

Når skal ein søke om utsleppsløyve?

• Når det er utslepp av sanitært avløpsvatn frå hytter, bustadhus og liknande som ikkje kan koplast på offentleg avlaupsnett

• Ved innlegging av vatn

• Vesentleg auke av etablert utslepp

• Installering av vassklosset

• Ved etablering av utslepp

Søknad om utslepp

• Søknad om utslepp skal sendast til kommunen

• Du som eigar, er ansvarleg for at det blir utarbeida ein skriftleg, fullstendig søknad, som inneheld nødvendig opplysningar som vil vere av betyding for kommunen, jf. forureiningsforskrifta §§ 12-4, 13-4

• Som oftast vil det vere eit røyrleggarføretak, eit entreprenørfirma eller eit konsulentfirma som utarbeider og sender inn søknad til kommunen

Innhenting av informasjon

• Start prosessen i god tid

• Det kan ta litt tid å skaffe nødvendig informasjon

• Du må mellom anna sende ut nabovarsel, med fire vekers svarfrist

• Nabovarsel kan sendast som rekommandert sending eller overleverast personlig mot kvittering

• Hugs at dersom søknaden manglar opplysningar eller dokumentasjon, eller du har søkt om unntak frå krav, vil dette kunne forsinke saksbehandlinga

Hemsedal kommune har vedtatt lokale forskrifter på området.

Slamtømming

Tvungen tømming av tank:

  • Alle tette tankar skal tømmast kvart år. Både bustader og fritidshus
  • For eigedom med fast busetnad skal slamavskillaren tømmast annakvart år. Partalsår 2014, 2016, 2018 osv.
  • For fritidshus skjer tømming av slamavskillar kvart 4. år. Partalsår 2014, 2018, 2022 osv

 

  • Abonnentar med tette tankar vert fakturert årleg for tømminga.
  • For abonnentar med tømming annakvart år, vert rekninga fordelt over 2 år. Kundane vert fakturert etterskotsvis med ein 1/2 part av kostnaden for tømming kvart år.
  • For abonnentar med tømming kvart 4 år, vert rekninga fordelt over 4 år. Kundane vert fakturert med 1/4 part av kostnaden for tømming kvart år.

Ekstra tømmingar må bestillast og kostast av abonnent direkte til Miljøservice AS. Det er berre entreprenør som er godkjent av kommunen som har løyve til å tømme anlegg.

Kommunen kan bestemme anna tømmehyppighet.

Miljøservice A/S har kontraktansvar for kommunane som er tilslutta Hallingdal Renovasjon på tvungen slamtømming.

 

Nyttige lenker

Lokal forskrift om utslepp av avløpsvatn frå bustad og fritidsbustad i Hemsedal kommune

Forskrift om tømming av avløpsanlegg inkludert tette tankar, fett- og oljeutskiljar, og bestemmingar om betaling av gebyr, Hemsedal kommune, Buskerud.

Gebyrregulativ for tekniske tenester i Hemsedal kommune

Rutinar og retningslinjer for opprydding av spreidd avløp i Hemsedal kommune

Byggeregler blanketter

Teknisk rettleiar avløp

 

Viktig informasjon

Veiledning til eier ved feil og mangler på avløpsanlegg.pdf

Viktige ord og uttrykk

Kommunedelplan for Markegardslia - Lykkja

Rammeplankart

Rutinar og retningsliner for opprydding av spreidd avløp

Tilsyn, drift og vedlikehald

Miljøkonsekvens ved etablering av tette tankar

 

Drikkevann i spredt bebyggelse og på hytta

Bor du sånn at du ikke er tilknyttet vannverk, men vil sikre deg skikkelig drikkevann?

Er du usikker på om vannkilden på hytta er bra nok?
Folkehelseinstituttet sin nye brosjyre gir deg både tips og råd både til hva du kan gjøre selv, og til hvem du bør kontakte.