Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Næring og etablering

Etablererhjelp

Næringskontoret i kommunen

Tenker du å starte opp en ny bedrift eller er du allereie etablert?

Er du usikker på kva som skal til for å etablere ein bedrift?

Treng du profesjonell hjelp i arbeid med å utvikle bærekraftige forretningskonsept og etablere en bedrift?

Hemsedal kommune har som mål å være ein attraktiv kommune å etablere og drive verksemd i – et sted der fjellfolk møtes. (Strategisk næringsplan 2016-2022, vedteken 18.6.2015) Vi kan gi deg:

• Råd og vegleiing innanfor forretningsplan og budsjetter
• Råd om etablerer stønad
• Råd innanfor finansiering og støtteordningar
• Hjelp til å knytte nettverk

Ta gjerne kontakt for ein uformell prat om dine planer.

Kontakt: Næringsrådgjevar, Gunn Eliassen tlf: 31 40 88 41 gunn.eliassen@hemsedal.kommune.no

Hallingdal Etablerersenter

Hallingdal Etablerersenter er eigd av kommunane og sit med spisskompetanse innan etablering av næringsverksemd. Dei gir gratis hjelp og rettleiing innan desse områda: 

•kvalitetsvurdering av forretningsidé
•finansieringstips om tilskuddsordningar, lån og krav til egenkapital
•rettleiing om offentlege lover og reglar knytta til næringsverksemd
•generelle råd og tips om næringsvirksomhet
•oppfølging av nystarta verksemder

Gratis etablererskule

Etablererskulen E2 handlar om å lage din eigen forretningsplan. Gjennom denne skal du få avklart vesentlege moment undervegs mot etablering. Dette er nødvendig for å kunne gje deg svar på om du bør starte, justere planane- eller kanskje bør du vurdere å late vere å eteblere bedrift.

  • http://www.etablerer.no/ er ein nettbasert etablererskule
  • møteplass for deg som vil lære meir om vegen til eiga bedrift
  • meir enn 500 sider lærestoff
  • øvingar
  • interaktive skjema
  • reknemodellar i form av tekst/bilete og multimedia

Det er mykje smartare å buklande eit par gonger på "trygg grunn" før du tek av for alvor. Sjå på e2 skulen som din simulator.

Start og driv din eigen bedrift

Altinn har samla det du treng i veta for å etablera deg som næringsdrivande og det å driva næringsvirksomhet i Norge.

Altinn - start og driv din eigen bedrift

Næringsfond

Treng du midlar til nyetablering eller vidareutvikling av din bedrift? Sjå våre retningsliner for kommunale næringsfond.

Retningsliner for kraft og næringsfond pr 120408

Skatt Sør tilbyr gratis kurs for nye næringsdrivende

Kurset inneheld grunnleggande informasjon om skatt, meirverdiavgift, elektronisk innlevering og litt om  krav til regnskap. Det  passer derfor også for dykk som går med tanker om å starte, men som enno ikkje har registrert organisasjonsnummer i Enhetsregisteret.

Varighet er 3,5 time som gjennomføres anten på kvelds- eller dagtid. Merk at det er separate kurs for dei to organisasjonsformane enkeltpersonføretak og aksjeselskap.

Kursa haldast i Kristiansand, Skien, Tønsberg, Drammen og Hønefoss.

Sted/dato og mulighet for påmelding finn dykk her: www.skatteetaten.no/kurs

Leige kontor i Hemsedal Veksthus?

Hemsedal veksthus ligg i sentrum ved sida av banken, perfekt plassert med store vindauge mot riksvegen, midt imot Rampa kjøpesenter. Veksthuset er ein form for mini næringshage, og skal bli den nye attraktive møteplassen som synleggjer bygda sitt mangfald av aktiviteter og aktørar.

Hemsedal Veksthus AS er driftsselskapet som er ansvarleg for utleige og drift av lokala i Hemsedal Veksthus.

Hemsedal turistkontor er hovudleigetakar i veksthuset. Det er Hemsedal Turisttrafikklag (HTTL) som drifter turistinformasjonen.  Verksemder som passar inn som tenestetilbydar for reiselivet vil bli prioritert lokalisert i veksthuset, men det er høve for alle å søkje om kontorplass.

Retningslinjer og kriterie

Hemsedal kommune ønskjer å fremje eit innovativt arbeidsmiljø og bidra med subsidiert kontorplass som ein starthjelp til etablerarar, sjå eigne retningslinjer.

Kriterie for leige av kontor

Kontora er ferdig møblert, størrelse 9.5 km², felles internett,  tilgang til kopimaskin, servicetenester som resepsjon og møterom.

Hemsedal veksthus leiger ut møterom (til 14 personar) Pris og tinging, sjå http://www.hemsedalveksthus.no/

Dei tre kontorane som kommunen disponerer er for tida leigd ut, men om du ønskjer plass ved fyrste mogelegheit ta kontakt med næringsrådgjevar i kommunen. Gunn Eliassen - 34 40 88 41 gunn.eliassen@hemsedal.kommune.no

Torget

I tillegg til dei 450 km² innandørs disponerer veksthuset arealet mellom eige bygg og Sparebank 1 Hemsedal. Her vert det etter kvart eit bilfritt torg med sitjeplassar og trådlaust nettverk.

Dette området har og eit stort potensial som torg og utstillingsplass. Her skal det etter kvart bli salsfremmande aktiviteter, arrangement, minikonsertar, utstillingar, profilering av samarbeidspartnare, bondens marknad med meir.

Strategisk næringsplan for Hemsedal kommune 2016-2022

Her finn du strategisk næringsplan for Hemsedal Kommune 2016-2022 samt arbeidsdokument benytta i forkant av endeleg plan.

Strategisk næringplan

Referat

Badegruppa 08.08.2016

Div arbeidsdokument

Referat - Møte med formannskapet 5.1.2016.pdf

Notat Kommunikasjonstrategi prosessen.pdf

Referat arbeidsgruppa for kommunikasjonstrategiprosessen 21.10.2015.pdf

Referat arbeidsgruppa for kommunikasjonsstrategiprosessen 4.11.2015.pdf

Arbeidsdokument til næringsplan - januar 2014 6-2-2014 minus statistikk fine.pdf

Diskusjonsgrunnlag næringsplan varme og kaldesenger - presentasjon 26082014.pdf

Arealpolitikk for kalde og varme senger - Sluttrapport.pdf

Skistar - Varme senger 140207.pptx

Følgebrev til spørsmål kring næringsplanarbeid.pdf

Spørsmål til utsendelse i samband med næringsplanarbeid.pdf

Innkalling til møte i arbeidsgruppa for næringsplanarbeid 19.5.2015.pdf

Arbeidsdokument til næringsplan 22 april 2015.pdf

Innkalling til møte i arbeidsgruppa for næringsplanarbeid 21.4.2015.docx

Rapport For egen maskin, Menon business Economics.pdf

Innkalling til møte i arbeidsgruppa for næringsplanarbeid 5 2 2015.pdf

Vedlegg til møte i næringsplan 5.2.2015.pdf

Referat arbeidsmøte styringsgruppa for næringsplan 05 2 2015.docx

Innkalling til møte i arbeidsgruppa for næringsplanarbeid 20 01 2015.pdf

Vedlegg - innspel frå Skistar.pdf

Skarsnuten Eiendom Presentasjon status okt 2014.pdf

Referat arbeidsmøte styringsgruppa for næringsplan og grunneiere kalde varme senger 16 12 2014.pdf

Referat arbeidsmøte styringsgruppa for næringsplan og grunneiere kalde varme senger 16 12 2014.pdf

Referat arbeidgruppa næringsplanarbeid 18 11 2014.pdf

Innkalling næringsplan 18.11.pdf

Forslag til arealpolitikk - varme og kalde senger 14102014.pdf

Referat fra arbeidsgruppemøte næringsplan 26 8 2014.pdf

Referat fra arbeidsgruppemøte næringsplan 10 9 2014 fine.pdf

"Kva no Hemsedal?"

Handlingsplan med tiltak

Hemsedal kommunestyre vedtok den 18.6.2015 "Strategisk næringsplan for Hemsedal 2016-2022". Her vart det lagt opp til ein årleg rullerande gjennomgang av handlingsplanen for å velja neste års tiltak.

Kartleggjing av tiltak  

I denne undersøkinga ynskje vi å kartleggja kven av dei 27 tiltaka i handlingsplanen du trur har størst verdiskapning for destinasjonen.

Hemsedal må setja seg i førarsete med  tanke på utvikling av aktivitetar sommar som vinter for å nå målet med 1 000 000 kommersielle gjestedøgn innan 2020.  

Takk for at du tar deg tid til å svara på dette spørreskjemaet, se link under: Spørreskjema

Alle som har fullført undersøkinga er med i trekninga av ein Hemsedalsjakke (verdi 599,-).

Resultat frå spørjeundersøking

Spørjeundersøkinga ble gjennomført i to veker i oktober og vart sendt ut frå Hemsedal turistkontor till omlag 1100 respondentar. I tillegg ble den delt på sosiale media og låg ute på heimsida til Hemsedal kommune. Ein fekk inn 442 svar. Dei ulike svara frå undersøkinga blir tatt med inn i det vidare arbeidet kring Hemsedals nye kommunikasjonsstrategi.

Presentasjon 9.12.2015 "Kva no?"

Med vennleg helsing Hemsedal Kommune og Destinasjon Hemsedal