Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn - eit konkurransefortrinn?

Hemsedal kommune ynskjer å stimulere verksemder i Hemsedal til å bli miljøsertifisert. Miljøfyrtårn er ein offisiell, norsk miljøsertifiseringsordning som etter kvart fleire verksemder tek i bruk.

Miljøfyrtårnprogrammet i Hemsedal kommune

Miljøfyrtårnsertifisering

I samband med kjøp og sal av tenester/ produkt vert det i aukande grad kravd miljødokumentasjon. Med bakgrunn i denne utviklinga, men også for å bygge opp under kommunen som miljøkommune, ynskjer kommunen å støtte verksemder som gjennomfører ei slik miljøanalyse før dei vert Miljøfyrtårnsertifisert.

Miljøfyrtårn i Hemsedal kommune

Tuv oppvekstsenter, Ulsåk barnehage, Helsestasjon/legevakt, Bygdaheimen og Hemsedal kommunehus er alle sertifiserte miljøfyrtårnverksemder i kommunen.

Hemsedal barne og ungdomsskule (HBU) og Ulsåk skule er straks klare for sertifisering, og når dette er gjort vil alle kommunale verksemder i Hemsedal vere Miljøfyrtårn.