Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ledige bustadtomter

Tuv

Hemsedal kommune har ingen ledige tomter på Tuv.

Svøo III

Plan 2017002 - Endring av tidlegare plan 2009009
Sjå reguleringsplan og kart i planarkivet PlanId 2017002. 

Hemsedal kommune har flotte og solrike bustadtomter for sal på Ulsåk. Frå Svøo er det fin utsikt mot fjella rundt og den mektige Hydnefossen. Det er barnehage, skule og daglegvarebutikk i grenda, og den preparerte langrennsløypa svingar innom bustadfeltet. 

Følgjande tomter er ledige:

Enkelttomter: 7, 8, 9, 11, 12, 16

Tomannsbustadtomter: 1, 5, 6, 10

Kjøpesummen for tomtene blir indeksregulert pr. 1. januar kvart år.

Tomtene kan søkjast opp med Gnr. og Bnr. på: www.kommunekart.com

Søknadsskjema for tildeling av tomt

Stadfestingsskjema

Skriftleg søknad kan leverast i Tenestetorget eller ved å sende scanna søknad på mail. Har du ikkje tilgang til scanner, vennligst skriv ein mail som bekreftar kva tomt ein søkjer på til: postmottak@hemsedal.kommune.no 

Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter

Nye retningslinjer vart vedteke i Kommunestyret 06.03.2014 I dei reviderte retningslinjene vart det vedteke at lokale eigedomsutviklarar kan kjøpe tomter for fleirmannsbustader og bestemte tomter for einebustader.

Hemsedal formannskap vil ta stilling til kva for einebustadtomter som kan seljast til lokale eigedomsutviklarar. Dei aktuelle tomtene vil deretter bli utlyst for sal.

Retningslinjer for tildeling av tomt

Fiskum bustadfelt

22 solrike og attraktive bustadtomter med 360 graders utsikt nær sentrum i Hemsedal

Turterreng, langrennsløyper og alpin nedfart utanfor døra. Gåavstand til alle sentrums fasiliteter som skule, idrettsplass, butikker, kafe og restaurant.

Følgjande tomter er ledige:

Nr. 5, 7, 10, 11, 13 (tomter for einebustadar)

Det er regulert for einebustader, tomannsbustadtomter og fleirmannsbustadtomter.

Reguleringsplan 2013007 - Fiskum bustadfelt omfattar og nokre tomtar som ikkje blir selde av Hemsedal kommune. Dette gjeld tomt nr. 1, 24, 25, 26 og 27 som er i privat eige.

Skriftleg søknad kan leverast i Tenestetorget eller ved å sende scanna søknad på mail. Har du ikkje tilgang til scanner, vennligst skriv ein mail som bekreftar kva tomt ein søkjer på til: postmottak@hemsedal.kommune.no

Søknadsskjema om tildeling av tomt

Stadfestingsskjema

Sjå reguleringsplan og kart i planarkivet, planid 2013007

Svøo III