Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Landbruk

Fagtur Fjellandbruket


Fjellandbrukssatsinga i regi av Fylkesmannen i Buskerud og Telemark inviterer til fagtur i Tinn og Hjartdal i Telemark torsdag 7.- 8.september. Målgruppe for turen er yngre, nylig etablerte, i generasjonsskifte eller andre bønder som vurderer «noko attåt garden». Her blir mykje å sjå og snakkast om, i flotte fjellomgivelsar på Tuddal Høgfjellshotell! Turen kan kombinerast med landbruksmessa Dyrskun i Seljord, som startar fredag 8. september.

Det er begrensa plassar og siste frist for påmelding er 15. august. Vi håpar så mange som mogleg kan bu i dobbeltrom, da det er få enkeltrom. Legg dette inn ved bestilling og vi vil ta kontakt. Sjå program (ligg som vedlegg) og bruk elektronisk påmelding i linken.
https://www.fylkesmannen.no/nb/Telemark/Kurs--og-konferansekalender/Noko-attat-garden---nye-idear-i-Fjellandbruket/


Fagturen er eit ledd i Fjellandbrukssatsinga og vidare arbeid med nettverk og oppfølging rundt fjellandbruket. Vi håpar derfor denne samlinga fristar mange, og kan gje inspirasjon og vidare nettverksjobbing for bøndene i fjellområda.
God sumar og velkommen med på tur!

Invitasjon til fagsamling for bønder i Fjellandbruket Buskerud og Telemark


Informasjon om beitesesongen frå Mattilsynet

Informasjon om beitesesongen frå Mattilsynet


Tilskotsordningar i landbruket

Informasjon om tilskot finn du her

Jordbruk

Deling etter jordlova

Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk kan ikkje delast utan samtykke frå Departementet, dvs. kommunen. Med eigedom meiner ein og rettar som ligg til eigedom og partar i sameige. Formålet med delingsforbodet i jordlova §12 er å sikre at driftseininga sitt ressursgrunnlag ikkje vert redusert.

Forbodet mot deling gjeld og forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedom når retten er stifta for lengre tid enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).

Deling av landbrukseigedom er heimla i jordlova sin §§ 1 og 12.

Søknad om frådeling frå landbrukseigedom skal innehalde:

•utfylt søknadsskjema "Deling av grunneigedom"

•vedlegg med opplysningar som forklarar bakgrunn søknaden

•kartutsnitt som syner omsøkt areal

•nabovarsling

Søknad skal sendast:

Hemsedal kommune Hemsedalsvegen 2889  Teknisk etat 3560 Hemsedal

Søknadsskjema deling av eigedom

Det er politisk Hovudutval for plan- og ressurs som avgjer søknad om frådeling frå landbrukseigedom.Kurante søknadar vert avgjort administrativt. Sakshandsamingstid kan variere mykje utifrå saka sin karakter.

Gebyr: Handsamingsgebyr for søknad om frådeling etter jordlova er kr. 2000,- og er fastsett i forskrift frå departementet, vedteke i Hemsedal kommunestyre i 2012.

Omdisponering av jordbruksareal

Omdisponering av dyrka eller byrkbar mark må ikkje skje utan samtykke frå departementet, dev. kommunen. Forbodet mot omdisponering legg opp til eit sterkt jordvern, og det skal ligge til grunn "særlege grunnar" for å gje samtykke.

Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggande ressurs for å sikre matforsyninga på kort eller lang sikt. Om ein eigar av landbrukseigedom ynskjer å bruke dyrka jord til anna enn jordbruksproduksjon må det derfor godkjennast av departementet (kommunen).

Omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord skjer i hovudsak gjennom planar, det vil seie at kommunen gjennom vedtak av arealplanar etter plan- og bygningslova vedtek at jordbruksareal skal nyttast til anna enn landbruk. Det kan også gjerast ved at einskildpersonar med heimel i jordlova § 9 søkjer om å bruke jordbruksareal til anna enn jordbruksproduksjon.

Jordlova

Søknad og saksgang

Søknad om omdisponering skal sendast Landbruksforvaltninga i kommunen. Det er ikkje søknadsskjema men søknaden må vere grunngjeven og nabovarsla, og det må leggast ved kartutsnitt som syner omsøkt omdisponert areal. Kartutsnitt og skjema for nabovarsling kan hentast frå kommunen sine nettsider eller ved kontakt med tenestetorget i kommunen.

Det er Hovudutval for plan- og ressurs som handsamar søknadar om omdisponering av jordbruksareal i Hemsedal kommune. Kurante saker kan avgjerast av administrasjonen

Konsesjon ved overtaking av landbrukseigedom

Konsesjon betyr løyve til erverv av fast eigedom. Ein kan "erverve" eigedom ved kjøp, arv, gave o.l. Døme på fast eigedom er hus, gard, ubebygd tomt eller andre areal.

Reglane om konsesjon finn ein i Konsesjonsloven med tilhøyrande forskrifter. Ved dei fleste erverv kan " Eigenfråsegn om konsesjonsfridom nyttast", men det er også erverv der ein må søke om konsesjon. Konsesjonslova syner kva erverv som er konsesjonsfrie, og når ein må søke konsesjon. Kommunen avgjer søknadar om konsesjon. Kommunen sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen.

Konsesjonslova styrer også buplikt på landbrukseigedom, sjå eige fane som omtalar dette.

Konsesjonssøkjaren skal betale gebyr, med mindre ein ved ervervet kan nytte skjema "Eigenfråsegn om konsesjonsfridom" eller om det vert søkt om konsesjon fordi buplikta ikkje skal oppfyllast. Gebyret for ei konsesjonshandsaming er kr. 5000,-.

Skjema: SLF - 356 Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense eller SLF - 359 Søknad om konsesjon på erverv av fast eigedom finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider under skjema

Meire informasjon vedkomande regelverket om konsesjon, eller konsesjon og landbrukseigedom eller landbruksareal kan ein finne på Landbruksdirektoratet si nettside, eller ved å ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen.

Buplikt

Lovverket vedkomande bu- og driveplikt i landbruket vart endra 01.07.2009. Endringane førte til at buplikta no i all hovudsak vert styrt gjennom konsesjonslova.

Formålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsetjinga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern av produksjonsareala i landbruket og slike eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlege for landbruket, jamfør konsesjonslova §1.

Bestemmelsen gir ei vid ramme for kva for omsyn som skal trekkast inn:

•framtidige generasjonar sitt behov

•landbruksnæringa

•behovet for utbyggingsgrunn

•omsynet til miljøet, ålmenne naturverninteresser og friluftsinteresser

•omsynet til busetjinga

Erverv frå slekt.

Personleg buplikt oppstår ved erverv av landbrukseigedom innan slekt, og gjeld bebygd eigedom der fulldyrka og / eller overflatedyrka jord er meir enn 25 daa, eller eigedomen har meir enn 500 daa produktiv skog.

At ein tilflytter eigedomen innan eit år etter overtaking og forpliktar seg til å oppfylle den lovbestemte buplikta er ein føresetnad for at nokon med odelsrett eller i nær slekt kan erverve landbrukseigedom av ein slik storleik konsesjonsfritt.

Det er ikkje lenger høve til å søke om utsetjing eller fritak frå buplikta på desse eigedomane. Viss ein skal overta ein eigedom innanfor desse arealgrensene og ikkje vil / eller kan busetja seg på eigedomen innan fristen for busetjing må ein søke kommunen om konsesjon for å få overta eigedomen.

Erverv utanom slekt.

Eigedom som vert overteke utanom slekt er konsesjonspliktig dersom den er bebygd og har totalareal på over 100 daa, eller fulldyrka og overflatedyrka jord er meir enn 25 daa. I konsesjonsvurderinga har landbruksstyresmaktene plikt til å vurdere om det er naudsynt å setja vilkår om buplikt på eigedomen, og om buplikta skal vera personleg.

Buplikta er oppfylt når

Buplikta er oppfylt når eigaren er registrert busett på eigedomen etter reglar fastsett i eller i medhold av lov 16. januar 1970 nr 1. om folkeregistrering og har budd der i minimum fem år samanhengande.

0-konsesjon, er innført i Hemsedal kommune

I kommunar som har innført 0-konsesjon etter §7 i konsesjonslova vil buplikta gjelde alle eigedomar opp til 100 daa totalareal som er eller har vore i bruk som heilårsbustad. I slike tilfelle kan buplikta oppfyllast ved bortleige.

Eigenerklæringsskjema kan nyttast ved slike eigedomsoverdragingar når ervervaren på eigenerklæringsskjema forpliktar seg til at eigedomen skal nyttast som heilårsbustad enten av seg sjølv eller av andre.

Det er kommunen som fører kontroll med at buplikta vert oppfylt.

 

 

Jordbruksareal skal drivast.

Driveplikta gjeld fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Driveplikta er personleg på den måten at eigar av jordbruksareal pliktar at jorda vert drive så lenge vedkomande er eigar.

Driveplikta kan oppfyllast ved at eigar driv jorda sjølv eller ved at det vert inngått leigeavtale med andre om drift av areala.

Ei slik leigeavtale skal vera: •skriftleg •gjelde for minst 10 år •må føre til driftsmessige gode løysingar

Inngåtte leigeavtaler skal sendast kommunen som slik har mogelegheit til å kontrollere om vilkåra for bortleige etter jordlova er oppfylt.

Kommunen skal føre tilsyn med at driveplikta vert oppfylt, og kan gi pålegg om bortleige av jord eller leige bort jord. Det er i særskilte høve mogleg å søke kommunen om fritak frå driveplikta.

Driveplikta er fastlagt i jordlova § 8.

 

Erstatning ved klimatiske skader i vekstsesongen

Jordbruksføretak kan gis erstatning for å redusere økonomiske tap ved klimabetinga svikt i plante- eller honningproduksjon, som det ikkje er mulig å sikre seg mot. Ordninga gjelder bare skader som er forårsaka av klimatiske forhold (været), og som det ikkje er mulig å teikne privat forsikring mot. Føretaket må drive faglig forsvarlig, og førebygge og avgrense skadane. Ordningane tilskot etter vinterskader på eng og erstatning ved tap av bikubar ble avviklet i 2015 med verknad frå 2016.

Det er to ordningar som er omfatta av forskrifta:

- erstatning ved avlingssvikt

- erstatning ved svikt i honningproduksjon.

Sjå Landbruksdirektoratet sine nettsider under erstatning, eller snakk med landbruksforvaltninga i kommunen for meire informasjon.

Avlingsskadeerstatning

Avlingssvikt vert definert som svikt i avlingsmengda i forhold til gjennomsnittsavling på det arealet som føretaket nyttar til dei ulike vekstar. Erstatninga gjeld svikt i avling på rot.

Klimatisk avleidde forhold kan vera: tørke, stor nedbør, frost, haglbyer, flom m.m.

Krav og forutsetningar for søknad:

• Søkjar må vera eit føretak som har rett til å søkje om produksjonstilskot.
Føretaket må melde frå til kommunen når avlingssvikt oppstår, eller når ein kan rekna med at slik svikt vil oppstå. I alle høve i god til før innhausting. Det er eit vilkår at søkjar har prøvd å avgrense skaden.
• Kommunen må ha høve til å synfare skaden.
• Ordninga skal redusere tap som oppstår ved svikt i produsert mengde. Ordninga dekker i utgangspunktet ikkje svikt i avlingskvalitet.
• Søkjar skal dokumenter ved å ta bilete, og beskriv situasjonen.
• Avlingsmengda for dei tre siste åra må dokumenterast.
• Erstatninga vert utrekna med ein eigenandel på 30%, minsteutbetaling er kr 5000,-
• Landbrukskontoret skal kontrollere oppmålinga av årets grovfôravling.

Søknadsfrist 31. oktober til kommunen.

Miljøplan avvikla frå 2015

I jordbruksoppgjøret 2014 ble det bestemt å avvikle forskrift om miljøplan fra 2015. Oppgavene som har inngått i miljøplan blir imidlertid i hovedsak videreført.

-   Krav om gjødslingsplan vert vidareført gjennom forskrift om gjødslingsplanlegging, og gjeld foretak som driv planteproduksjon og som mottek produksjonstilskot i jordbruket.

- Krav om sprøytejournal vert vidareført tilsvarande gjennom forskrift om plantevernmidler.

Brot på bestemmelsane om gjødslingsplan og sprøytejournal vil føre til avkorting i produksjonstilskotet, jf. forskrift om produksjonstilskot.

Øvrige oppgaver i miljøplan, med krav til kart, sjekkliste og miljøplan trinn 2, vert avvikla med miljøplanen. Oppgaver og hjelpemidler som gjeld kartfesting og sjekklister vert videreført gjennom næringa sitt eige kvalitetssystem KSL.

Forskrift om gjødselplanlegging

Forskrift om plantevernmidlar

Landbruksvikar

Landbruksvikarordninga skal bidra til å sikre fåretak med husdyr- og planteproduksjon tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar.

Landbruksvikarordninga i Hallingdal blir administrert av Landbrukstenester Folgefonna. Tenesta har avdelingskontor på Felleskjøpet Gol som dekkjer kommunane Nes, Gol, Hemsedal, Ål, Hol, Rollag og Nore og Uvdal.

Opningstider

Kontoret er betjent tre dagar i veka og koordinerer alle oppdrag. Bestilling rettast til Landbrukstenester Folgefonna.

Sjukdom/krisesituasjonar

Avøysarlaga skal ved sjukdom og i krisesituasjonar yte hjelp til fåretak med husdyr- og planteproduksjon, som har rett på tilskot til avløysing ved sjukdom mv., jf: " Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v."

Dersom landbruksvikaren ikkje nyttast i slik samanheng, kan vikaren nyttast til annan avløysing.

Det er viktig at landbruksvikaren om mogleg blir bestilt i god tid. For at landbruksvikaren skal vere ein beredskap i tilfelle sjukdom, er det og viktig å bruke landbruksvikaren til andre oppdrag når han er ledig.

Sjå Landbrukstjenester Folgefonna si heimeside for meir informasjon

Jordprøver

•Jordprøver kan takast så lenge det ikkje er tele.
•Jordbor, esker til prøver og fylgjeskjema ved innsending kan du få på landbrukskontoret.
•Du sender sjølv inn prøvene til analyse. Adressa står på fylgjeskjema.
•Hugs at jordprøvene som er grunnlaget for gjødselplan, ikkje må vere eldre enn 8 år.

Torvuttak 

Torvuttak skal godkjennast av kommunen som omdisponering etter jordlova.  

Det vert vist til Landbruksdepartementet sitt rundskriv M-4/2003 om omdisponering der det står i punkt 7,3 andre avsnitt:

  • «Jord og masseuttak på dyrka eller dyrkbar mark er en form for omdisponering som rammes av forbudet. En må ha samtykke dersom jordsmonn blir fjernet selv om arealet fremdeles nyttes eller kan nyttes til planteproduksjon. For produksjon av plen innebærer dette at det ikkje er nødvendig med samtykke til omdisponering med mindre uttaket av plen fører til at noe jordsmonn blir fjernet.»

Søknad

  • Grunneigar må før uttak av torv søke kommunen om omdisponering etter §9 i jordlova.
  • Saman med søknaden skal det følgje kart der det omsøkte arealet er innteikna.

Søknadskjema

Sakshandsaming

  • Kommunen skal gjera ei vurdering av om det omsøkte området / arealet vil tole uttak av torv.
  • Vert det vurdert at arealet kan tole torvuttak vil søknaden bli imøtekomen med midlertidig omdisponering med heimel i jordlova § 9.
  • Søknaden kan handsamast administrativt.
  • Det er ingen automatikk i at det vert løyvd torvuttak i høgareliggande, skrinne områder.
  • Det vert uansett sett krav om at torva skal kuttast like under grasrota, og torvlaget som vert teke ut skal ikkje overstige 5 cm.

Nydyrking

Med nydyrking er det meint fulldyrking og overflatedyrking av jord. Oppattdyrking av jordbruksareal som har ligge unytta i over 30 år vert også rekna som nydyrking.

Planar om nydyrking skal godkjennast av kommunen. Dette gjeld uavhengig av storleiken på arealet. Det er fastsett eigen forskrift om nydyrking som er heimla i §11 i jordlova.

Du finn meir informasjon om nydyrking på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Søknad og saksgang

Søknad om nydyrking skal sendast kommunen på eige søknadsskjema. Ved søknaden skal det leggast kart som viser det planlagte nydyrkingsarealet  og området rundt. Kommunen ynskjer ei synfaring før søknaden vert sendt / teke til behandling. Denne må som regel gjerast på barmark.

Alle søknadar om nydyrking skal sendast på høyring til Buskerud Fylkeskommune på bakgrunn av kulturminne. Dei ynskjer gjerne ei eiga synfaring, særleg om det er registrert kulturminne i området tidlegare. Om dyrkinga kan berøre vesentlege miljøverdiar skal søknaden også på høyring til Fylkesmannen.

Kommunen gjer normalt administrativt vedtak  i søknad om nydyrking etter at høyringsuttalene er på plass.

Piggtråd

Forbud mot piggtråd i ny gjerding

Bruk av piggtråd i gjerde som regulerer dyr sin ferdsel er forbode etter § 15 i Dyrevelferdslova.

Hemsedal sin lokale forskrift om bruk av piggtråd vart oppheva i samband med at Dyrevelferdslova vart vedteken.

Mattilsynet tolkar §15, fyrste ledd, andre punktum slik:
•det er forbode å setja opp nye gjerde med piggtråd •det forbode å ha gamle dårlege piggtrådgjerde som er til fare for   menneske og dyr

I praksis er det lov å ha piggtråd i gamle gjerde som er sett opp før 1. januar 2010 då ny lov vart vedteken. Dette må vera gjerde som er "oppreist" og i god stand og som utfyller sin funksjon.

Piggtråd kan ikkje brukast når materiale i gamle gjerde vert bytta ut.

Det er forbode å ha gamle farlege piggtrådgjerde, og desse kan påleggast fjernast med heimel i Dyrevelferdslova §3.

Dyrevernnemnd

Hallingdal har felles dyrevernnemnd for alle kommunane.

Dyrevernnemnda ligg under Mattilsynet DK Hallingdal

Sende bekymringsmelding til Mattilsynet
•Tlf. 32 02 38 00.
•Bruk bekymringsknappen "Varsle mattilsynet" på www.mattilsynet.no

•Ta direktekontakt med medlemmene

Gjeld meldinga ei alvorleg dyrevernsak som ikkje kan vente til neste arbeidsdag, kontakt Mattilsynet si beredskapsvakt på telefon: 22 40 00 00

Medlem Kommune
Jorun Teksle Gurigard 3570 Ål
Signe Hovden 3550 Gol
Halvor Gauteplass Skurdalen, 3580 Geilo
   
Varamedlem  
Magne Thorset 3560 Hemsedal
Camilla Bjørdalen 3540 Nesbyen
Torbjørn Grøslandsbråten 3539 Flå
   
Andrè Høva  

Veterinærvakta

Kommunane har overtatt ansvaret for veterinærvakta utanom ordinær arbeidstid. Veterinærvakta er viktig for å opperetthalde god dyrevelferd og er ein nødvendig del av beredskapen mot alvorlege smittsame dyresjukdomar.

Hemsedal har saman med kommunane Gol, Nes og Flå inngått avtale med dei privatpraktiserande veterinærane i nedre Hallingdal om vaktordning for sjuke dyr som treng behandling av veterinær.

Veterinærvakta gjeld alle tider av døgnet unnateke ordinær kontortid på kvardagar (måndag – fredag) kl. 08 – 16.

Veterinærvakt for Hemsedal kommune er:

Veterinærene Nedre Hallingdal DA Sentrumsvegen 60 3550 Gol

Vakttelefon er: 32 07 46 75

 

Alvorlege hendingar:
•Ved mistanke om alvorleg smittsom dyresjukdom eller alvorleg dyrevernsak skal ein kontakte Mattilsynet. Bruk fana "Varsle Mattilsynet" som du finn øverst på Mattilsynet si heimeside.
•Er det ei alvorleg sak som ikkje kan vente til neste arbeidsdag, kontakt  Mattilsynet si beredskapsvakt tlf. 22 40 00 00 som er tilgjengeleg heile døgnet.

Lagring og bruk av husdyrgjødsel

Reglar for bruk og oppbevaring av husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam er heimla i Forskrift om gjødselvarar mv. av organisk opphav, https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2003-07-04-951?q=gjødsel

Del III i forskrifta omhandlar lagring og bruk

- Det er eit krav å ha ein gjødslingsplan jr. § 22

§ 23.Spredetidspunkt

- Spreiing av gjødselvarer av organisk opphav er berre tillete i perioden 15. februar til 1. november.

- Det er ikkje tillete å spreie gjødselvarer på snødekt eller frossen mark.

- Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde bør gjerast så tidlig i vekstsesongen at det er moglegheit for betydelig gjenvekst som haustast eller beitas, og skal gjerast senast innan 1. september

- Husdyrgjødsel skal nedmoldast straks og innan 18 timer etter spreiing.

Kommunen kan i særlege tilfelle dispensere frå reglane om bruk og lagring, med unntak av visse reglar for avløpsslam, jf. Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav.

Søknad om dispensasjon skal i tilfelle sendast til Hemsedal kommune.

Skogbruk

Rådgjeving og forvaltning av lover, forskrifter og tilskotsordningar

Rådgjeving
•Næringsavdelinga skal gje fagleg råd i spørsmål knytt til resultatområdet skogbruk.
•Informasjon om ulike lover og reglar og tilskotsordningar i skogbruket.
•Avdelinga skal vere døropnar mot finansieringskjelder utanfor vårt distrikt, særleg SND (Statens nærings- og distriktsutviklingsfond).

Lovforvaltning

Avdelinga skal medvirke til at næringsutøvarane nyttar skogressursane sine på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessige forsvarleg måte.

Skogbrukssjefen har det daglege ansvar for skogoppsynet og skogkulturen i kommunen, m.a. oppfølging av barkebilleangrep og stimulering til auka satsing på ungskogpleie.

Fylgjande saker etter ulike forskrifter og lover i skogbruket vert handsama hjå avdelinga:
•omdisponering av skogsareal
•vegbygging •skogskjøtsel
•hogst i verneskog
•rentemiddelbudsjett for skogbruket
•bruk av skogavgiftsordninga •tilskotsordningar

Avdelinga handsamar og-/eller gjev uttale på fylgjande søknader
•tilskot til bygging av skogsveg
•tilskot til drift i vanskeleg terreng
•tilskot til m.a. planting, ungskogpleie, markberedning og stammekvisting
•søknad om bygdeutviklingsmidler, tilleggsnæringar (BU-midler)

Hogst i verneskog

Meldingen skal innehalde informasjon om:

•hogstområdet si plassering

•bestandnummer i skogbruksplanen

•høgde over havet

•hogstkvantum

•planlagt starttidspunkt

•hogstform

•kven som utfører drifta

•send meldingen til skogbrukssjefen

Melding om hogst i verneskog

Lovar / regler og andre nyttige lenker

Landbruksveg

Lov om landbruksveg

Etablering av landbruksveg

Skogbrukslova

Tiltaksstrategi_2016_2019