Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunalt vatn og avløp

Vakttelefon

Vakttelefon for vatn og avløp: 416 94 040

Dette nummeret kan nyttast heile døgnet ved feil på ledningsnettet.

Teknisk drift har ansvaret for kommunal vassforsyning og avløpsnett. 

Inngrep på leidningsnettet må først drøftast med den som er på vakt pga fare for driftsstans, pumpehavari o.l.

Lekkasje på vassleidningsnettet 

Av og til skjer det vasslekkasje på eller i tilknyting til det kommunale leidningsnettet frå vassverket. Ofte er dette lekkasjar på privat stikkledning eller tilkoplingspunkt til stikkledningen.

Desse reglane gjeld ved lekkasjar:
• Kommunen er ansvarleg for alle lekkasjar på hovudleidningsnettet.
• Den enkelte abonnent er sjølv ansvarlig for lekkasjar på sin private stikkledning, inkludert påkoplingspunktet.

Dersom det er mistanke om lekkasje må kommunen varslast så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefon 416 94 040. 

• Det er viktig å varsle fort for å unngå følgjeskader, som t.d. skader på hus eller vegar, eller tømming av høgdebasseng.

Dersom det vert konstatert at det er ein lekkasje vil kommunen syte for å stenge av vatnet, lokalisere lekkasjen, evt fastslå om den er på privat stikkleidning, og vurdere kva tiltak som bør setjast i verk.

• Kommunen har til ei kvar tid avtale med entreprenør og røyrleggjar som kan rykke ut på kort varsel for å reparere vasslekkasjar på hovudleidningsnettet.
• Dersom det ikkje er tvil om at lekkasjen er på privat stikkledning må abonnenten sjølv syte for at feilen vert utbetra så fort som råd.
• Det er krav om at arbeidet skal utførast av kvalifisert personell, (gravemaskinførar og røyrleggjar - sjå sanitærreglementet), samt at nedgravne kablar vert påvist før graving

Feil på kloakknettet

Av og til opplever abonnentar på det kommunale kloakknettet at kloakken vert tett. Erfaringa syner at dette oftast skuldast tilstopping av privat stikkledning.

Er det feil på hovudleidningsnettet vil dette oftast medføre at fleire abonnentar opplever problem samstundes, og dette kan lett sjekkast ved å snakke med andre som er tilknytt på same hovudleidning.

Tilstoppa kloakkledning kan oppdagast i tide ved å observere følgjande symptom:

• vatnet renn sakte ned

• det kjem luftbobler opp, i klosett, vask eller sluk.

Symptoma vert fyrst synleg i den nederst etasjen i huset.

• Symptom må ikkje ignorerast.

• Heil eller delvis tilstopping kan føre til at kloakken renn ut over golvet.

Den enkelte abonnent er sjølv ansvarlig for tilstopping på sin private stikkledning, inkludert påkoplingspunktet. Ligg feilen på privat stikkledning må abonnenten sjølv syte for å få reparert feilen.

• Dersom det skulle vere mistanke om tilstopping på hovudkloakknettet må kommunen varslast så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefonen 416 94 040. 

• Kommunen vil då sjekke om feilen ligg på det kommunale kloakknettet.

• Kommunen gjer ein del reparasjonar sjølv, men har til ei kvar tid avtale med entreprenør og røyrleggjar som kan rykke ut på kort varsel for å reparere feil på det kommunale leidningsnettet

Kvaliteten på drikkevatnet i Hemsedal

Kvaliteten på drikkevatnet i Hemsedal

Kommunen tek faste prøver av drikkevatnet frå brønnane og frå forsyningsnettet.

  • Dette vert gjort kvar månad for Tuv vassverk og kvar 14. dag for Krikken vassverk.
  • Prøvene vert analyserte ved eit laboratorium for å finne ev. bakteriar, farge eller grums, som kan tyde på forureining av kjelda eller leidningsnettet.

Hardheit

Mange lurer på om drikkevatnet er hardt, slik at dei må tilsetje forskjellige middel i oppvaskmaskiner og vaskemaskiner for å hindre forkalking, dette er ikkje nødvendig. Vatnet frå vassverka i Hemsedal er som dei fleste andre stader i Noreg bløtt. På Tuv er hardheita målt til 5dH' (tyske hardheitsgrader), på Krikken er hardheita målt til 3 dH'.

Tabellen under syner klassifisering av hardheit.

Hardheit (dH') Betegnelse
0 - 2 svært bløtt
2 - 5 bløtt
5 - 10 middelt hardt
10 - 21 hardt
> 21 svært hardt

 

Vassforsyning

Vassforsyninga i Hemsedal kommune består av to vassverk, tre høgdebasseng og fleire trykkøkningsstasjonar (pumpestasjonar), i tillegg til leidningsnettet.

Krikken vassverk

•det største vassverket i kommunen

•leverer vatn til Holdebakken, Trøim og Ulsåk.

Tuv vassverk

•leverer drikkevatn til Tuv tettstad.

Høgdebassenga

•gjev tryggleik i vassforsyninga ved at dei fleste abonnentane er sikra vasstrykk sjølv om straumen går

•utgjer ein vassreserve til brannsløkking som krev meir kapasitet enn pumpene på vassverket kan yte. •kommunen har tre høgdebasseng knytt til Krikken vassverk, eitt ved Grøv/Ålstveit, eitt ved Holdebakken og eitt i Anderdalslia.

Vasskvalitet:

Drikkevannsforskrifta •Stiller krav til vatn som skal leverast på nettet. •Vatnet frå dei kommunale vassverka i Hemsedal har i utgangspunktet svært god kvalitet, men fordi vasskjeldene er grunnvatn er vatnet i utgangspunktet litt for surt (for lav pH-verdi).

•pH-verdien skal vere mellom 6,5 og 9,5

•pH-verdien skal ikkje vere korrosivt, dvs at det ikkje skal tære på vassrøyr av jern og kopar, og røyr med betongforing.

For å oppfylle desse krava vert pH-verdien regulert opp til om lag 8,0 ved vassverka. For dei andre parametrane oppfyller vatnet kvalitetskrava i forskrifta.

Sikre vatnet mot sjukdomsframkallande mikroorganismar

•krav til to hygieniske barrierer 

•sikring av sjølve vasskjelda (i motsetning til overflatevatn)

•desinfisering.

Kvalitetssikring

•faste prøver av drikkevatnet frå brønnane

•faste prøver frå forsyningsnettet

•kvar månad for Tuv vassverk

•kvar 14. dag for Krikken vassverk

Prøvene vert analyserte ved eit laboratorium for å finne ev. bakteriar, farge eller grums, som kan tyde på forureining av kjelda eller leidningsnettet.

Tiltak ved avdekking av redusert drikkevasskvalitet

•ekstra desinfisering, dvs klorering av vatnet

•påbod om koking av vatnet om det er mistanke om større forureining.

Tuv vassverk

Tuv vassverk forsyner byggefeltet og sentrum på Tuv.

Vassverket ligg på sørsida av elva Mørkedøla og forsyner Tuv tettstad ved pumping direkte på nettet. Vassverket har ikkje høgdebasseng. Eit dieselaggregat startat automatisk og gjev straum til vassverket om det vanlege straumnettet skulle falle ut.

Fakta om Tuv vassverk:

Vasskjelde Gunnvatn frå brønn i lausmassar
Desinfisering UV-filter (ultrafiolett lys)
Desinfisering i beredskap Klor (natriumhypokloritt - løysing - NaOCI)
Regulering avpH-verdi Tilsetjing av vannglass (natriumsilikat - løysing - Na2SiO3)
pH-verdi i brønnane Om lag 6,2
pH- verdi ut frå vassverket Om lag 8,0
Krikken vassverk

Krikken vassverk er det største vassverket i kommunen.

Vassverket ligg nord for og inntil Heimsila, mellom Ulsåk og Trøim. Herfrå vert vatnet pumpa til to separate forsyningsnett.

Det eine nettet går i retning Trøim og forsyner Trøim tettstad, Holdebakken og Anderdalslia/Skarsnuten-området.
Det er to høgdebasseng på dette nettet. Ved det øvste bassenget er det eit dieselaggregat som startar automatisk når det vanlege straumnettet fell ut. Aggregatet gjev straum til pumpene som forsyner Skarsnuten Hotell og området rundt.   

Det andre nettet forsyner Ulsåk-området. Her er det eitt høgdebasseng.

Fakta om Krikken vassverk:

Vasskjelde Grunnvatn frå to brønnar i lausmassar
Desinfisering UV-filter (ultrafiolett lys)
Desinfisering i beredskap Klor (natriumhypoklortt - NaOCI)
Regulering av pH-verdi Tilsetjing av lut (natriumhydroksid-løysing - NaOH)
pH- verdi i brønnane Om lag 6,2
pH- verdi ut frå vassverket Om lag 8,0

Avløp

 

All kloakk som vert sleppt inn på det kommunale leidningsnettet går innom eit reinseanlegg før den går ut i Heimsila.

Tuv reinseanlegg

•ligg på eit jorde på Øyno og tek imot kloakk frå byggefeltet, Tuv sentrum og Fausko Skysstasjon.

•Anlegget er eit nedgreve jordreinseanlegg som reinsar kloakken ved slamavskiljarar og infiltrasjon i jordmassar.

•Dette er i prinsippet ei stor utgåve av slike infiltrasjonsanlegg som ofte vert nytta for separate utslepp i spreidd bygde område.

•Ein har ikkje kontroll med kor stor reinsegraden er, då det ikkje let seg gjere å ta prøver av kloakk som er ferdig infiltrert.

•Kommunen har planar om å føre kloakken frå Tuv til Trøim reinseanlegg.

Trøim reinseanlegg

•ligg sør for sentrum, nær brannstasjonen.

•Anlegget tek i mot kloakken frå Anderdalslia, Holdebakken, Trøim sentrum og alle bustadfelta nær sentrum.

•Anlegget er nylig rehabilitert, har høg reinsegrad og oppfyller styresmaktene sine krav til reinsing.

Verkemåte:

•Anlegget er eit mekanisk/biologisk/kjemisk anlegg. Etter innløpsristene som tek bort søppel, filler og liknande, går kloakken til biobassenga der bakteriar bryt ned organisk stoff. Bakteriane veks på mange små plastelement med stor overflate. Dei får næring frå kloakken og oksygen frå luft som vert blese i røyr ned i bassenga. Lufta har i tillegg ein funksjon ved å halde plastelementa i stadig rørsle.

•Etter opphald i eit utjamningsbasseng vert kloakken pumpa vidare og tilsett fellingskjemikalium (jernklorid) som reagerer med oppløyste næringssaltar, og gjer dei om til slam (utfelling). Deretter vert det tilsett ein såkalla hjelpeflokkulant (polymer) som hjelper alle slampartiklane til å klumpe seg saman.

•Kloakken går så til ei av to kompakte flotasjonseiningar, saman med vatn som er tilsett luft under trykk. I flotasjonseininga vil det meste av slammet feste seg til luftbobler og flyte opp, medan noko slam er tungt og fell til botnen. Botnslam og flyteslam vert så skrapa saman og pumpa til eit slambasseng, medan det reinsa vatnet vert ført ut i Heimsila.   

Alt dette skjer i ein kontinuerleg prosess som krev overvaking og justering. Om prosessen stoppar går kloakken ureinsa ut i Heimsila.

Ulsåk reinseanlegg

•ligg sør for Ulsåk sentrum, nedanfor riksveg 52. Anlegget tek imot kloakk frå Ulsåk sentrum, Moen Camping, byggefeltet på Svøo, og Hemsedal Hytte- og Feriepark.

•Anlegget har ein enkel prosess, har for liten kapasitet ved maks belastning og er utsett for varierande innløpsvatn. Som følgje av dette er reinsinga ein del dårlegare enn krava frå styresmaktene.

•Det er planar om å forbetre anlegget noko.

Verkemåte:

•Anlegget er eit mekanisk/kjemisk anlegg som fungerer ved tilsetjing av fellingskjemikalium (jernklorid) som feller ut næringssaltar.

•Slammet sedimenterer til botnen av eit langt basseng med langsam gjennomstrøyming, der det vert skrapa saman og pumpa til eit slambasseng.

•Den reinsa kloakken renn ut i utløpsrenner ved vassflata i enden av bassenget. Søppel og filler vert kverna opp og følgjer slammet gjennom prosessen.

Slamhandsaming ved reinseanlegga

•Vått kloakkslam frå Ulsåk vert frakta med sugebil til slambassenget ved Trøim reinseanlegg. Her vert alt slammet tilsett polymer og avvatna ved sentrifugering.

•Avvatna slam vert samla i konteinarar og frakta til eit anlegg på Torpo der det vert kompostert.

 

Søknad om sanitærabonement

Skjema