Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunale avgifter (vatn, avløp, renovasjon, feiing)

Informasjon om fakturagrunnlaget for kommunale eigedomsavgifter

Faktura 2017

Kommunale eigedomsavgifter vert berekna utifrå sjølvkostprinsipp. Det vil på en enkel måte seie at kommunen skal fakturere abonnentane for dei utgiftene kommunen har på vatn, avløp, renovasjon m.m. 

Det har komme inn meir inntekter på vatn og avløp enn antatt i 2017. Administrasjonen har difor vedteken å fjerne krav om fastledd for abonnentar med kommunalt avløp på faktura 2. halvår 2017.

Årsoppgjer vassmålar

Alle abonnentar som er kopla på offentleg vatn- og kloakknett betalar eit fastledd. Vatn- og kloakkavgiftene vert fakturert to gongar i året; ½ avgifta på termin 2 og resten på termin 4.

Unntak er vassmålarleige og avrekning av vassforbruk 2016 som berre kjem på fyrste halvår. Kundar utan vassmålar vert fakturert etter BRA areal (bruksareal) på bygget. Kundar med vassmålar vert fakturert etter reelt forbruk, sjå forklaringar knytt til fakturalinjene under:

Avlest vatn/kloakk.

Dette er ein avrekning av vatnet og kloakken du har brukt i 2016. Kommunen har lagt innsendt vassmålaravlesing til grunn for avrekninga. Om du ikkje har sendt inn vassmålarkort har kommunen stipulert eit antatt forbruk.

Forskot vatn/kloakk.

Kommunen fakturerer eit forskot på vatn og kloakk for å fordele avgifta på to terminar (vår og haust) og ikkje berre ei stor avrekning ein gong i året.

Frådrag innbet.vatn/kloakk.

Her får du tilbake det forskotet du har betalt året før.Om du hadde eit høgt vassforbruk i 2015 så vart forskotet satt tilsvarande høgt i 2016. Det får kunden då attende til frådrag på fakturaen 1. halvår 2017. Nytt forskot for 2017 vert basert på avlesing av vassforbruket i 2016.

Slam- og renovasjonsavgifter

Hytterenovasjon og slamavgift vert fakturert både 1. og 2. halvår.

Slam

•Hemsedal kommune innførte tvungen tømming av slamtankar i 2006.

Norva 24 AS / Miljøservice er entreprenøren som utfører tøminga.

•Fakturering av slamtøming skjer ved årleg avgift kvar vår- og hausttermin.

•Alle tette tankar skal tømast kvart år (bustad- og fritidshus).

•Fritidshus med slamavskiljar; kvart 4.år (2014, 2018, 2022 osb).

•Bustadhus med slamavskiljar; kvart 2. år (2014, 2016, 2018 osb.)

•Treng ein tøming oftare, må dette avtalast direkte med Norva 24 AS / Miljøsevice på miljoservice@septik24.no

 Oversikt over slamgebyr

Gebyrreulativ for avfallsgebyr (slamgebyr) i Hemsedal gjeldene frå 01.01.2017.

a. Tømming av tette tankar/slamavskillere for heilårsbebyggelse:

Type Tank storleik (m3) Sum pr tømming
Eigedomar med tett tank 0 - 5,0 1 970
Eigedomar med tett tank 5,0 - 10,0 3 331
Eigedomar med slamavskiller 0 - 4,5 2 280
Eigedomar med slamavskiller 4,5 - 8,0 3 296
Eigedomar med slamavskiller 8,0 - 12,0 5 222

b. Tømming av tette tankar/slamavskillere for fritidsbebyggelse:

Type Tank storleik (m3) Sum pr tømming
Eigedomar med tett tank 0 - 5,0 2 270
Eigedomar med tett tank 5,0 - 10,0 3 589
Eigedomar med slamavskiller 0 - 2,5 1 724
Eigedomar med slamavskiller 2,5 - 6,0 2 516
Eigedomar med slamavskiller 6,0 - 10,0 3 800
Eigedomar med slamavskiller 10,0 - 12,0 3 880

c. Behandlingsgebyr - slam levert direkte til kommunalt renseanlegg

  • Levert slam frå tette tankar ved ordinær- og ekstratømming: 100kr/m3
  • Levert slam frå slamavskiljarar ved nødtømming: 100 kr/m3

d. Tillegg ved traktortømming/spesialbil

Dersom det ved tømming av slamavskiller/tette tankar må nyttast traktor/spesialbil for å få tanken tømt, skal det betalast eit gebyr på kr 1 500,- pr tømming i tillegg til dei vanlige satsane.

e. mva.

Alle satsar er oppgitt ekskl. mva

 

Vatn og avløp

•Hemsedal kommune har innført eit to-delt gebyr, eit fastledd og eit mengdeavhengig ledd etter målt forbruk.

•Gebyrsatsar er vedteken av Hemsedal kommunestyre i behandlinga av årsbudsjett.

•Ein abonnent har til ein kvar tid høve til å installere vassmålar om ein ynskjer fakturering etter reelt vassforbruk.

•Det skal installerast vassmålar i alle nye bygg tilknytta det kommunale nettet. Ta kontakt med autorisert røyrleggjar for installasjon.

Forskrift for vass- og avløpsgebyr i Hemsedal kommune

Oversikt over tilknytingsgebyr vatn og avløp

Tilknytingsgebyra vert berekna i forhold til bygningens storleik i tråd med reglane i NS 3940, teknisk forskrift og vegleiaren "Grad av utnytting" med fylgjande unnatak:

  • Utvendig overbygd areal og frittståande garasje/anneks utan innlagt vatn elle avløp kobla til kommunalt avlølpsnett inngår ikkje i berekningsgrunnlaget for tilknytningsavgift. Det same gjeld utvendig bod eller garasje som er kjeda saman med bustaden/fritidsbustaden og som kun har utvendig inngang.

1. Bustadhus

  <120m2 BRA 121 - 180m2 BRA 181 - 250m2 BRA >250m2 BRA
Vatn 11 463 13 100 14 738 16 375
Avløp 16 375 18 714 21 053 23 393
  • Ved tilknyting av bygg som overskrider 250 m2 BRA og som består av fleire bueiningar skal det reknast tilknytningsgebyr pr bueining etter areal.
  • Med bueining forstås bustad med eit eller fleire rom med separat inngang, samt eiget bad/wc og kjøkkendel.

2. Fritidsbustader

  Fritidsbustader
Vatn 179 pr m2 BRA
Avløp 264 pr m2 BRA

3. Næringsverksemd og industri

  Overnattings-verksemder, areal som er knytt til overnatting Forretningsareal* samt anna areal i reiselivsverksemder Industri og anna verksemd
Vatn 179 pr m2 BRA 91 pr m2 BRA 50 pr m2
Avløp 264 pr m2 BRA 133 pr m2 BRA 74 pr m2

*areal direkte knytt til kjøp og sal av varer/areal som kunden oppheld seg på. Omfatter ikkje areal som lager, lasteramper mv. Sistnemnte inngår i klassen "industri og anna verksemd".

4. Mellombelse tilknytningar

For mellombelse bygg og brakker bereknast tilknytingsgebyr som fylgjer:

a) For 0 - 1 år reknast 25% av fullt gebyr

b) For 1 - 2 år reknast 50% av fullt gebyr

c) For 2 - 3 år reknast 75% av fullt gebyr

d) For meir enn 3 år reknast 100% av fullt gebyr

 

5. Gebyrsats for tilknyting som ikkje er godkjent

For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent, betalast tilknytingsgebyr etter gjeldane sats på det tidspunkt kravet vert satt fram.

 

6. Gebyrsats for tilbygg/påbygg av eksisterande bygg

Ved tilbygg eller på bygg som medfører at eit bygg går frå ein arealklasse til ein annan, og arealet på tilbygget eller påbygget er minimum 30m2 BRA, skal differanse i kroner mellom dei to arealklassene betalast.

 

25% MVA KJEM I TILLEGG TIL DESSE PRISANE.  

 

 

Oversikt årsgebyr vatn og avløp

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyr er eit fast beløp som betalast av alle eigedommar og bereknas pr eigedom eller bueining.

Forbruksgebyr

Forbruksgebyret er eit variabelt gebyr som vert rekna ut frå forbruk, målt eller stipulert. Eigedomar som har godkjend vassmålar betalar forbruksgebyr basert på årleg vassforbruk og pris pr m3. Andre abonnentar betalar forbruksgebyr etter stipulert forbruk basert på bygningens areal (BRA).

1. Abonnentsgebyr bustad (fast del)

  Vatn Avløp
Bustad 561 0

2. Abonnentsgebyr fritidsbustad og næring (fast del)

Abonnensgebyret for fritidsbustadar og næringsverksemt trappast opp etter vassforbruk i m3 og framkjem av tabellen under.

VATN

Abonnementsgebyr vatn for fritidsbustad og næringsverksemd

Forbruksklasse (m3) Pris
0 - 200 785
201 - 400 1 290
401 - 500 1 795
501 - 1000 2 805
1001 - 5000 7 854
5001 - 10 000 15 708
10 001 - og høgare 28 050

AVLØP

Forbruksklasse (m3) Pris
0 - 200 1 776
201 - 400 3 142
401 - 500 4 371
501 - 1000 6 830
1001 - 5000 19 124
5001 - 10 000 44 122
10 001 - og høgare 59 585

3. Forbruksgebyr

Målt forbruk

Vatn Avløp
11,79 pr m3 22,31 pr m3

STIPULERT FORBRUK (EIGEDOMMAR UTAN VASSMÅLAR)

For bustad- og fritidseigedommar med stipulert vassforbruk fastsettes årsavgift etter stipulert vassforbruk basert på bebyggelsens samla areal på eigedommen.

Forbruksklasse (m3) Pris
0 - 80 m2  107 m3
81 - 110 m2  147 m3
111 - 140 m2   188 m3
141 - 171 m2   229 m3
Deretter i trinn for kvar 30 m2  40 m3 

 ÅRSGEBYR FOR VATN ETTER STIPULERT FORBRUK

Forbruks-klasse (BRA m2) Berekna forbruk kr pr m3 vatn kr pr m3 avløp Vatn Avløp
0 - 80 m2 107 m3 11,79 22,31  1 261,53 2 387,17
81 - 110 m2 147 m3  1 733,13 3 279,57
111 - 140 m2 188 m3  2 216,52 4 194,28
141 - 171 m2 229 m3  2 699,91 5 108,99
Deretter i trinn for kvar 30 m2 40 m3     471,60    892,40

4. Vassmålarleige

For eigedommar med vassmålar betalast målarleige på kr 100 pr år.

5. Ubebygd eigedom

For ubebygd eigedom skal det kun betalast abonnentsgebyr i samsvar med kva som er godkjend på eigedommen.

6. Avlesing av vassmålar

Abonnenten skal lese av vassmålaren så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.

Unnlet abonnenten å lese av målaren, kan kommunen fastsette årsgebyret skjønnsmessig etter purring. Kommunen kan sjølv lese av målar utan ytterligare varsel til abonnenten. Der kommunen leser av målaren vert det krevd eit gebyr på kr. 800.  

7. Administrasjonsgebyr

Der kommunen ikkje mottek vassmålarkort/vassmålaravlesing trass to ordinære purringar, tek kommunen eit administrasjonsgebyr på kr 300.

25% MVA KJEM I TILLEGG TIL DESSE PRISANE.

Renovasjon

•Alle sjølvstendige brukseiningar skal ha eiga renovasjonsordning, og verte fakturert for dette.

•Alle hytter/stølsbuer, tomannsbustader, bustader med leilegheit og einingar med enkel standard m.m. skal ha eiga avgift for renovasjon jf.

forskrift om avfallshandtering

Vil du levere til avfallsmottak - Hallingdal Renovasjon

Oversikt over renovasjonsgebyr
Type Gebyr 2017
Husholdning stativ 2 446
Husholdning container 1 876
Hytte/Støl 1 394

25% MVA KJEM I TILLEGG TIL DESSE PRISANE.

Feiing/Tilsyn fyringsanlegg

•Gebyr for feiing/tilsyn av fyringsanlegg kjem med på faktura for 2. halvår.

•Alle bustader med eldstad skal ha årleg tilsynsavgift.

•Avgifta er 1/4 av tilsynsgebyret.

•Spørsmål knytt til feiing/tilsyn skal rettast til Hallingdal brann- og redningsteneste IKS på post@hallingdal-brannvesen.no

 Oversikt over feiegebyr
  Gebyrsats (eksl. mva) 
Fast gebyr (tilsynsavgift) 320,- pr bustadhus
Feiesats 447,- pr pipe
Pipe nr 2 (same bygg) 223,- pr pipe
Timesats 643,- pr påbegynt time

25% MVA KJEM I TILLEGG TIL DESSE PRISANE.

Den nye forskrifta  om brannførebygging stiller krav om fleire brannvarslarar  i huset ditt enn før. I tillegg kan det hende pipa di skal feiast  oftare enn du trur.

Den nye forskrifta som tredde i kraft 1. januar krev  at du har minst ein  røykvarslar i kvar etasje.

Tall på røykvarslerar  du må ha etter den  nye forskrifta  vert avgjort  av inndelinga av bustaden  i soner, etasjar, tekniske rom og kor mange soverom.

Har du fleire etasjar, skal du no ha ein varslar per etasje. Med opphaldsrom i ein del av huset, våtrom i ein annan del, kan det vere at du må ha enda  fleire varslerar for å tilfredsstilla  krava i den nye forskrifta om brannførebygging.

Sidan det er krav til at alarmen skal kunne høyrast tydelig på opphaldsrom og soverom når alle dørar er stengt, kan det være behov for både fire og fem brannvarslerar i bustaden.

Den største forskjellen er at den nye forskrifta for brannførebyggande arbeid også gjeld fritidsbustader. Det betyr at alle hytter skal feiast på lik line med hus.

Det er heller ikkje slik at pipene må feiast minst kvart fjerde år. No kan feiarvesenet bestemme at pipa di treng feiing både oftare eller sjeldnare enn før.

Behovet i enkelte bustader vil væra mindre, på grunn av bruk av varmepumper og andre varmekjelder. I andre bustadområder er husa eldre, pipeløp dårligare og behovet for hyppigare feiing er til stades.

Kostnadene for eigarane av hus eller fritidsbustader vil variera etter kor ofte brannvesenet meiner pipa di skal feiast.

 

Endringar i rutinar som følgje av ny forskrift om brannførebygging

I 2016 kom ei ny forskrift om brannførebygging.

Den nye forskrifta har vesentlege endringar frå den tidlegare gjeldande forskrifta på området. Tidlegare skulle pipane feiast minimum kvart fjerde år, og oftare viss det var behov. Tilsyn med fyringsanlegg skulle gjennomførast kvart fjerde år. Fyringsanlegg betyr omn/peis/fyrkjele inkl. røykrør og skorstein. Den nye forskrifta sett ikkje krav til kor ofte det skal feiast og gjennomførast tilsyn, det er risikoen for brann ved kvart enkelt fyringsanlegg som skal leggjast til grunn for kor ofte feiing og tilsyn skal gjennomførast. I tillegg vart alle fyringsanlegg omfatta av forskrifta, det betyr at alle fritidsbustader, hotell og næringsbygg også skal ha tilsyn og feiing dersom dei har eit fyringsanlegg.

Endringar for bustader

Ei utredning og risikovurdering som vart gjort i alle Hallingdals kommunane i 2016 viser at det skal gjennomførast feiing og tilsyn minimum kvart 8. år, og oftare dersom risikoen tilseier det. Feiaren kartlegg risikoen for kvart enkelt fyringsanlegg/bustad etter alder og tilstand på anlegget, etter fyringsmønster, sotmengde og liknande.

Endringa for bustadeigarane blir derfor at feiaren kan komme sjeldnare eller oftare enn før.

Endringar for fritidsbustader

Endringar i forskrifta medfører betydelege endringar for kommunen sidan alle fritidsbustader no blir omfatta av forskrifta. I våre kommunar er det vesentleg fleire fritidsbustader enn bustader. Det betyr at vi treng mange fleire feiarar. Kor mange veit me ikkje før vi har kartlagt omfanget. Det er i 2016 gjort ein utredning i alle kommunane i Hallingdal, denne beskriv framdrifta i arbeidet der me byrjar med ei kartlegging. Alle hytteeigarar vil få eit skriv der dei må registrere ulike opplysningar om fyringsanlegget og bruken av dette, og om ein i det heile teke har eit fyringsanlegg i fritidsbustaden. På bakgrunn av denne kartlegginga vil vi organisere feie- og tilsynstenesta for fritidsbustader framover. Målet er at dette skal være klart frå 1.1.2018. Inntil dette er klart kan hytteeigarar som ynskjer feiing eller tilsyn ta kontakt med oss for å avtale feiing og/eller tilsyn.

Ei anna utfordring når det gjeld feiing og tilsyn på fritidsbustader er at dei stort sett berre vert nytta i helgane og i feriane. Det blir vanskeleg for kommunen å utføre feiing og tilsyn berre i helgar og feriar. Dersom me skal rekke over alle, er me avhengig av å jobbe i vekedagane. I kartlegginga vil vi skaffe informasjon på om det er mogleg å gjennomføre feiing og tilsyn i vekedagane, f.eks. ved hjelp av nøkkel frå vaktselskap, vaktmeistar, eller ein annen representant for hyttefeltet/området.

Me vil også gjera merksam på at forskriftene set krav om at feiaren skal ha ein stige eller trinn på taket for å utføre jobben forsvarlig og i henhald til forskriftskrava. Me oppfordrar derfor eigarane av fritidsbustadene til å montere stige eller trinn på taket i løpet av året. Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan dei gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is. Ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året. Har du spørsmål om takstige/taktrinn så ta kontakt med oss.

Fyring med gass

Gasspeiser og sentrafyr er å rekne som fyringsanlegg, og derfor med i tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt opp til ein koketopp eller liknande på kjøkkenet. Vi feiar ikkje piper som blir brukt til gassfyring, det blir i såfall etter førespurnad.

Gebyr

Sidan me tidlegare skulle gå tilsyn kvart 4. år, vart branntilsynsgebyret delt på fire og fakturert med ¼ -del kvart år. Når det no blir ulik frekvens på branntilsyn i bustader og fritidsbustader, vil me frå i år fakturera for heile gebyret på ein gong.  Gebyret blir fakturert etter at tilsyn er gjennomført. Sidan heile gebyret frå no blir fakturert på ein gong kan det opplevast som det har vorte ei auking i gebyret, det er ikkje tilfelle.

I overgangen frå gammal til ny ordning vil det være ein del som har betalt dei siste åra utan å få tilsyn. Dei dette gjeld vil få fråtrekk på det nye gebyret ut frå kor mykje du har betalt tidlegare, og når du fekk tilsyn sist.

Når det gjeld feiing blir det ingen endring på korleis gebyret fakturerast. Det vil bli fakturert etter at du har fått feiing slik som før. For dei som brukar fyringsanlegget sjeldan kan det bli endra frekvens, og dei vil oppleve at det vert ei billegare løysing.

Dei som ynskjer oftare feiing enn det som feiaren forslår, gir beskjed om det så får dei feiing oftare.

Feiaren kjem

Det blir sendt ut varsel om feiing og/eller tilsyn nokon dagar før feiaren kjem. Dersom tidspunktet ikkje passer, kan du avtale nytt tidspunkt. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, feielapp utfylt og hengt ut, manglande sikring eller på anna måte gitt klar beskjed om at det kan feiast), vil feiing ikkje bli utført, du vil likevel bli belasta med gebyr for oppmøte.

 

Kontaktinfo ang. feiing og tilsyn i bustader og fritidsbustader:

Hallingdal brann- og redningsteneste iks

Tlf.: 966 25 425

Mail: feieavdeling@hallingdal-brannvesen.no

 

Diverse skjema 

Klage på kommunale eigedomsavgifter
(blankett)

Søknad om reduksjon-/fritak for kommunale eigedomsavgifter
(blankett)

Søknad om sanitærabonnement
(blankett)

Søknad om næringsrenovasjon for gardsbruk med utleigehytter
(blankett)

 

Kontakt oss

Generelle spørsmål rundt grunnlag for fakturering av; slam, vatn/avløp, renovasjon

•sender du på e-post til teknisk@hemsedal.kommune.no

Klage/fritak

•Søknad om fritak for avgifter må ha underskrift av eigar.

Skjema for klage/fritak

•Du kan òg hente skjema i Tenestetorget.

•Me oppmodar alle til å nytte fastsette skjema.

Adresseendringar

•Skal samsvare med dei opplysningane som står i Folkeregisteret.

•Me tillet ikkje andre adressatar enn eigar (heimelshavar) av eigdomen, då denne er ansvarleg for betaling av kommunale eigedomsavgifter.

•Unntak; dødsbo ved forelagt uskifteattest og i dei tilfelle det er offentleg oppnevnt verge.

Eigarskifte

•Eigarskifte vert sendt til kommunen fleire gonger i året frå Statens Kartverk, og vert oppdatert jamnleg i våre registre. Det er derfor ikkje naudsynt å melde frå om dette.

•Me vil gjera merksam på at skal desse oppføringane endrast, så skal det tinglysast.