Hemsedal kommune

  Natur, kultur og livskvalitet

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Eigedomsskatt

Hemsedal kommune har i dag (pr. 01.01.2017) eigedomsskatt på «verk og bruk», jfr eigedomsskattelova § 3 c). Takstgrunnlaget for objekta vert vedteke i 2009 og gjelder i 10 år. Retaksering skal skje innan 2019 i kommunen.

Eigedomsskatten vert skrevet ut innan 1. mars kvart år. Frist for innbetaling er satt til fire veker etter utsending, altså 1. april.

Klage på fastsatt eigedomsskatt kan frammast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagefrist er seks veker etter utsending. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret.

Ved utlegging 1. mars vil eigedomsskattelista liggje til offentleg ettersyn i kommunehuset og biblioteket, samt på heimesida til kommunen.

Takstvedtekter for eigedomsskatt

 

Eigedomsskatt for 2018 - Hemsedal kommune

Hemsedal kommunestyre fatta i sak 89/17 vedtak om eigedomsskatt for «verk og bruk» i Hemsedal kommune for 2018 (etter eigedomsskattelova § 3 fyrste ledd bokstav c). Med heimel i eigedomsskattelova § 15, leggjast eigedomsskattelista ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå i dag 1. mars. Lista syner dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utregna eigedomsskattebeløp. Skattelista er og lagt ut i tenestetorget og på biblioteket.

Frist for innbetaling av eigedomsskatt er 1. april 2018.

Klage på fastsatt eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendas skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker, seinast 12. april 2018. 

Eigedomsskattekontoret har adresse:

Hemsedal kommune
v/eigedomsskattekontoret
Hemsedalsvegen 2889
3560 Hemsedal

eller postmottak@hemsedal.kommune.no 

Eigedomsskattekontoret v/rådmann

Eigedomsskatt 2018.pdf